Sletting av gjelda

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 18.03.2018
Du kan søkje om å få gjelda di sletta når du har budd i heimlandet i minst eitt år, og du framleis er busett der.

Dokumentasjon på opphald i heimlandet

Som dokumentasjon godtek vi attest/brev frå arbeidsgivaren din. Dersom du har vore arbeidsledig, godtek vi dokumentasjon frå offentleg styresmakt.

Betalingsvilkår for dei som ikkje flyttar heim

Blir du buande i Noreg eller reiser til eit anna land enn heimlandet, vil du få tilsendt ein betalingsplan og må rekne med å betale tilbake lånet på vanlege vilkår. Reglane for betalingsutsetjing og rentefritak vil då gjelde for deg også.

Sletting av gjeld ved seinare heimreise

Gjelda kan bli sletta sjølv om du ikkje reiser heim like etter at utdanninga er fullført. Dette gjeld for eksempel

  • om du ikkje får meir støtte frå Lånekassen, men likevel vel å bli i Noreg for å fullføre eller ta meir utdanning
  • om du vel å jobbe i Noreg i ein periode

Gjelda kan først bli sletta når du kan dokumentere å ha budd i heimlandet i minst eitt år.

Retur til Noreg

Dersom du har fått sletta gjelda og kjem tilbake til Noreg før det har gått ti år, må du likevel betale tilbake gjelda.