Studieprogresjon og forseinking

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 30.08.2017
Du blir rekna som forseinka i studiet dersom du har bestått færre studiepoeng enn dei du har fått støtte til. Er du forseinka med meir enn 60 studiepoeng, får du ikkje meir stipend eller lån.

Dette kan føre til at du blir forseinka

Lånekassen forventar at du består 60 studiepoeng per år når du mottek støtte til utdanning på heiltid i høgare og anna utdanning. Består du mindre enn dette, blir du seinka. Har du starta på ein ny eller skiftet utdanning, reknar vi framleis med fagleg forseinking frå tidlegare utdanning(ar). Vi ser på alle periodar du har motteke støtte i forhold til alle studiepoeng du har bestått. Dette gjeld også dersom du tidlegare har hatt lån i Lånekassen som nå er innfridd.

  • stryk til eksamen
  • utset eksamen
  • tek eksamen du tidlegare har bestått om igjen
  • avbryt utdanninga utan å bestå eksamen

Konsekvensar av forseinking

Er du seinka med meir enn 60 studiepoeng, får du ikkje meir støtte. Dette gjeld både i fulltids- og deltidsutdanning. Har du fått avslag på din siste søknad på grunn av forseinking, er det fordi du har overskride grensa på 60 studiepoeng.

Ny behandling av avlått søknad

Du kan likevel ha rett til støtte dersom du er seinka i utdanninga på grunn av fødsel eller sjukdom. Har du nedsett funksjonsevne eller har ein funksjonhemming, kan du har rett til støtte til forseinking ut over 60 studiepoeng / eitt undervisningsår.

Eksempel på forseinking

Har du motteke støtte til fulltidsutdanning i tre år, skulle du ha bestått 180 studiepoeng. Dersom du i denne perioden berre har bestått 110 studiepoeng, vil du vere seinka med 70 studiepoeng (180 - 110 = 70). Då er du for mykje seinka, og du vil ikkje lenger få stipend og lån frå oss.

La oss si at du har fått studiestøtte i tre år til sammen (fulltidsutdanning): Det tilsvarer 60 studiepoeng per år, som blir 180 studiepoeng alt i alt. Lånekassen får eksamensresultatene fra lærestedet ditt og registrerer at du bare har bestått 110 studiepoeng, ikke 180. Dermed er du 70 studiepoeng forsinket, altså 10 studiepoeng for mye. Det er disse 10 poengene du må ta igjen, for igjen å ha rett til å motta studiestøtte fra Lånekassen. Du må studere uten studiestøtte fram til du har tatt igjen forsinkelsen.

Slik får du ny støtte

For å få rett til ny støtte må du hente inn noko av forseinkinga utan å motta støtte frå oss. Du kan få støtte igjen når du har henta inn så mykje av forseinkinga at du ikkje ligg etter med meir enn 60 studiepoeng. Har du for eksempel fått avslag for haustsemesteret fordi du var seinka med 70 studiepoeng, kan du få ny støtte til vårsemesteret dersom du består minst 10 studiepoeng utan støtte frå oss i løpet av hausten. Du må sende inn ein ny søknad for å få støtte igjen.