Ditt ansvar

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Du har plikt til å melde frå til Lånekassen dersom det oppstår endringar i situasjonen din undervegs i utdanninga. Dette gjeld for eksempel dersom du endrar på eller avbryt utdanninga di.

Du må melde frå til Lånekassen dersom du

  • avbryt eller tek ein pause i utdanninga
  • skifter lærestad eller endrar den faglege planen
  • betaler mindre i skolepengar enn det du gav opp i søknaden
  • endrar bustadadresse eller sivilstand

Konsekvensar for deg

Endringar kan føre til at du har krav på meir eller mindre pengar. Lèt du vere å melde frå om endringar, kan du gå glipp av pengar du har rett på. Dersom du har fått meir pengar enn du har krav på, og ikkje gir melding om endringar, kan det få alvorlege konsekvensar. I verste fall kan du miste retten til støtte frå Lånekassen, for ein periode eller for all framtid.

Dersom du ikkje melder frå om endringar, eller du gir feil opplysningar, kan Lånekassen gjere om stipend til lån og krevje at du med ein gong betaler tilbake støtte du ikkje skulle hatt. I grove tilfelle politimelder vi.

Dette må du gjere

Situasjon
Kva må du gjere?
Du avbryt eller tek ein pause i utdanninga di Du må gi Lånekassen melding. Du kan melde frå på Dine sider.
Du byter lærestad Du må sende ny nettsøknad
Du gjer endringar i den faglege planen din Du må gi Lånekassen melding. Du kan melde frå på Dine sider.
Du betaler eit anna beløp  i skolepengar enn du oppgav i søknaden Du må sende inn dokumentasjon frå lærestaden din som viser det nye beløpet du skal betale i skolepengar. Skal du betale mindre skolepengar, held det å melde frå på Dine sider.
Du flytter tilbake til, eller frå foreldra dine
Du må gi Lånekassen melding. Du kan melde frå på Dine sider.
Du endrar sivilstand Du må gi Lånekassen melding. Du kan melde frå på Dine sider.
Du får barn Du søkjer om foreldrestipend og/eller forsørgjarstipend
Du får eit brev om bukontroll Du må svare på brevet (dokumentere bustatus)
Du får eit brev om årleg kontroll av  utdanning i utlandet Du må svare på brevet (dokumentere faglege resultat og betalte skolepengar)
Du avsluttar utdanning i utlandet Du må sende inn kopi av dokumentasjon på betalte skolepengar og karakterutskrift

Fristar

Fristen for å melde frå om endringar er innan slutten av perioden du har fått støtte til. Har du for eksempel fått støtte til og med 15. juni 2018, er det også fristen for å melde frå om endringar. Perioden du har fått stipend og lån står i vedtaksbrevet ditt, som du kan finne på Dine sider. Endringar du melder frå om seinare enn dette, fører ikkje til ny behandling. Avbryt du utdanninga, må du melde frå med ein gong, også etter disse fristane.

Brev du får frå oss, har eigne svarfristar, vanlegvis tre veker. Foreldrestipend har eigen søknadsfrist.