Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Kven blir plukka ut i kontrollen?

    Alle som har oppgitt at dei bur borte, men har foreldre med adresse så nær studiestaden at dei kunne budd heime, kan bli trekt ut i bukontrollen.

    I år vil vi trekkje ut studentane som skal kontrollerast, på ein smartare måte enn tidlegare år ved at vi tek i bruk ein modell basert på kunstig intelligens. Denne modellen ser samanhengar i eit datamateriale som menneske vanskeleg kan sjå. Modellen kan identifisere faktorar som aukar sjansen for at ein student har gitt feil informasjon om kor han eller ho bur. Slike faktorar kan vere alderen til studenten, avstand mellom foreldreheim og studiestad, kor mange år som student, om studenten tidlegare er kontrollert og så vidare.

    I 2018 vil det vere omtrent 25 000 studentar som blir kontrollerte. 15 000 av desse blir plukka ut ved hjelp av kunstig intelligens og 10 000 blir tilfeldig vald frå gruppa som potensielt kan bu hos foreldra.