Dokumentasjonskrav til bukontrollen

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 06.02.2018
Her finn du generell informasjon om krava til dokumentasjon i bukontrollen. Du kan logge deg inn på Dine sider for informasjon som er meir spesifikk til situasjonen din.

Har du ikkje dokumentasjonen digitalt?

Saksbehandlingstida blir kortare, og det blir enklare for deg å følgje saka, dersom du lastar opp dokumentasjonen elektronisk frå Dine sider. Dersom du berre har dokumentasjonen tilgjengeleg på papir, kan du for eksempel ta eit bilde av det eller skanne det. Men sender du inn eit bilde, må du passe på at teksten blir tydeleg og kan lesast.

Om du ikkje har mogelegheit til å sende dokumentasjonen inn digitalt, kan du sende i posten til Lånekassen, Postboks 4551, 8608 Mo i Rana.

Skal du sende dokumentasjonen i posten, er det viktig at du merker papira med namn, kundenummer eller fødsels- og personnummer og "Bukontroll". Opplysningane du sender inn, blir berre brukte til denne bukontrollen.

Dersom du har ein leigekontrakt

Har du ein leigekontrakt, sender du inn leigekontrakten din. Ein leigekontrakt er ein avtale mellom ein utleigar og ein leigetakar om eit leigeforhold. Leigekontrakten må vere underskriven av begge partar, og den må innehalde frå-dato, og eventuell til-dato, for leigeforholdet. Du kan laste opp dokumentasjonen på Dine sider.

Leigekontraktar frå studentsamskipnadar som berre gir ut elektroniske kontraktar, kan vi godta sjølv om desse er utan signaturar. Leigetakaren sitt namn må komme tydeleg fram og kontrakten må dekkje heile perioden vi ber om dokumentasjon for.

Bustadattest frå skatteetaten er ikkje godkjent som dokumentasjon.

Dersom du ikkje har leigekontrakt

Har du ikkje leigekontrakt, må du dokumentere at du ikkje budde saman med foreldra dine på ein annan måte. Dette kan du gjere på ulike måtar, avhengig av situasjonen din. Du kan laste opp dokumentasjonen på Dine sider.

  • Dersom du har leigd bustad og ikkje hatt leigekontrakt for perioden, sender du oss ein skriftleg erklæring frå utleigar, pluss eit eige brev der du forklarer busituasjonen nærmare. Erklæringa frå utleigar må stadfeste perioden du har budd der.
  • Dersom du ikkje har leigd bustad, men for eksempel budd gratis hos somme andre enn foreldra dine, til dømes kjærasten din, må du sende inn tilsvarande dokumentasjon som i punktet ovanfor. Erklæringa må komme frå eigaren av bustaden.
  • Har du budd saman med ein annan som har leigekontrakt, men du sjølv ikkje er oppført som leigetakar på kontrakten, må du sende inn stadfesting frå utleigar på at du har budd der. Dersom det ikkje er mogeleg å få ei slik stadfesting frå utleigar, må du sende inn kopi av leigekontrakten og ei stadfesting frå personen du budde saman med. 
  • Har du budd saman med ein annen som har leigekontrakt, der det står i kontrakten at han eller ho har rett til å framleige deler av bustaden, sender du ein kopi av leigekontrakten og ei stadfesting frå personen du budde saman med.

Bustadattest frå skatteetaten er ikkje godkjent som dokumentasjon.

Dersom du eig bustaden

Eig du din eigen bustad, sender du oss desse opplysningane frå bukontroll-sida.

  • Adresse
  • Namn på kommune
  • Gards- og bruksnummer
  • Seksjons- og andelsnummer og/eller festenummer
Dette finn du på kartverkets side seeiendom.no. Har du flytt frå bustaden du åtte i 2017, gir du dei same opplysningane, men opplyser oss om at du har flytt.

Du kan også dokumentere eigarskapet ved å sende inn kopi av kjøpekontrakt, tinglyst skøyte eller partsbrev, men du treng ikkje bestille dette frå Kartverket dersom du ikkje har det.

Dersom du eig ein aksjebustad, må du dokumentere det ved å laste opp kjøpekontrakten. Du kan ikkje sende ein e-post med opplysningane i punktlista over.

Dersom du både har ått og leigt bustad i 2017 må du dokumentere begge deler. Bustadattest frå skatteetaten er ikkje godkjent som dokumentasjon.

Det er perioden(e) i 2017 du var i utdanning og som du har oppgitt at du ikkje budde saman med foreldra sine, du må dokumentere. Vi reknar ikkje med sommarferien, juleferien og liknande.