Bukontroll av studentar

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 27.06.2017
Lånekassen gjennomførte i år ein kontroll av 43 000 studentar som oppgav at dei budde borte i 2016.

I bukontrollen blir du bedt om å dokumentere at du ikkje budde saman med foreldra dine i 2016. Sjølv om du har blitt kontrollert tidlegare, må du sende inn dokumentasjon for 2016 også. Dokumentasjonen må vere så ny som råd.

Du svarer på bukontrollen på Dine sider

Dette skal du sende inn

Under menyvalet «bukontroll» på Dine sider vel du det buforholdet du har, og får melding om kva slags dokumentasjon du skal laste opp, eller kva opplysningar du skal sende inn.

Har du ikkje dokumentasjonen digitalt?

Saksbehandlingstida blir kortare, og det blir enklare for deg å følgje saka, dersom du lastar opp dokumentasjonen elektronisk frå Dine sider. Dersom du berre har dokumentasjonen tilgjengeleg på papir, kan du for eksempel ta eit bilde av det eller skanne det. Men sender du inn eit bilde, må du passe på at teksten blir tydeleg og kan lesast.

Dersom du ikkje kan sende dokumentasjonen elektronisk, kan du også sende den per post til Lånekassen, postboks 4551, 8608 Mo i Rana.

Skal du sende dokumentasjonen i posten, er det viktig at du merker papira med namn, kundenummer eller fødsels- og personnummer og "Bukontroll". Opplysningane du sender inn, blir berre brukte til denne bukontrollen.

Svar frå Lånekassen

Du får ikkje svar frå oss dersom alt er i orden, men du kan sjå statusen på saka di på bukontrollsida på Dine sider. Der kan du sjå om saka di er behandla, og du kan sjekke resultatet. Du får eit brev frå oss dersom vi manglar informasjon for å behandle saka di, eller du ikkje har sendt inn riktig dokumentasjon.

Kvifor bukontroll?

For at du skal få gjort om lån til utdanningsstipend, er eitt av vilkåra at du ikkje bur saman med foreldra dine. Dei aller fleste studentar er ærlege, men vi veit at somme oppgir i søknaden at dei bur borte, sjølv om dei faktisk bur saman med foreldra sine. Derfor kontrollerer Lånekassen om studentane faktisk bur borte, eller ikkje.

Konsekvensar av å ikkje svare eller gi feil opplysningar

Dersom du ikkje svarer eller ikkje dokumenterer at du har vore bortebuar, vil vi tru du har budd saman med foreldra dine. Då får du eit brev frå oss med melding om kva konsekvensar det får for deg. Du kan mellom anne rekne med dette:

  • Du vil ikkje få omgjort lån til stipend for den perioden du ikkje har dokumentert bortebuarstatus.
  • Vi kan nekte deg støtte, betalingsutsetjing og rentefritak for neste undervisningsår, eller for ein lengre periode framover.

Forfalsking av dokument, eller forsøk på forfalsking, vil bli meldt til politiet.

Les meir om opplysningsplikta du har når du får støtte i § 13-1 i forskrifta om utdanningsstøtte.

Når reknar vi at du bur saman med foreldra dine?

Vi reknar at du bur saman med foreldra dine når du

a) bur i same hus som foreldra dine. Unntaket er dersom du og foreldra dine bur i kvar dykkar bueining i eit hus med fem eller fleire sjølvstendige og klart fråskilde bueiningar.

b) bur i ein bueining som høyrer til huset der foreldra dine bur. Med bueining meiner vi hus, anneks eller annan type bustad som står på same eigedom som huset til foreldra.

Du leiger en busatsd av foreldra dine eig

Du blir rekna som bortebuar dersom du leiger ein bustad foreldra dine eig. Det viktige er at de ikkje bur i same bustad/hus. Men dersom du leiger ein bustad i same hus som foreldra dine, for eksempel ein hybel, blir du rekna som heimebuar.

Du er gift eller har barn

Er du gift eller har barn du forsørgjer og bur saman med, reknar vi deg som bortebuar sjølv om du bur saman med foreldra dine.