Kor mange år du kan få støtte frå Lånekassen

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.03.2018
Du kan få støtte til utdanning i til saman åtte år.

Har du fått støtte frå Lånekassen til høgare og anna utdanning i til saman åtte år, har du ikkje lenger rett til stipend eller lån frå oss. Du får ikkje støtte i meir enn åtte år sjølv om du er forseinka i utdanninga di. Du får heller ikkje støtte i meir enn åtte år sjølv om utdanninga di varer lenger.

Vidaregåande opplæring med ungdomsrett er ikkje rekna med i dei åtte åra.

Slik tel vi

Kvart semester du får støtte frå oss, tel som ei halvt år. Det speler inga rolle om du får støtte til fulltidsutdanning eller deltidsutdanning. Vi tel også semester du har avbrote utdanninga di. Vi tel då kor mange dagar du fekk støtte fram til avbrotet. Eit vanleg semester er 150 dagar. Det betyr at dersom du har avbrote utdanninga for eksempel 15.november, har du brukt 90 dagar av dei åtte årene (2 400 dagar) du kan ha rett til støtte.

Unntak

Det er nokre unntak frå denne regelen. Du kan få støtte i meir enn åtte år dersom du har blitt forseinka i utdanninga di av desse årsakene:

Til folkehøgskole kan du maksimalt få støtte i to år. Dersom du tek ein ph.d.- grad i utlandet, kan du få støtte frå Lånekassen i til saman tolv år.

Eksempel

I dette eksempelet har du fått støtte frå Lånekassen til heile utdanninga di.

Du har tatt  Kor mange år
Folkehøgskole 1 år
Psykologi årsstudium 1 år
Fysioterapi 3 år
Sum 5 år

 

Du planlegg å ta Kor mange år
Medisinutdanning 6 år
Kor mange år totalt med utdanning 11 år
Kor mange år med støtte frå Lånekassen 8 år
Kor mange år du må finansiere sjølv 3 år