Alder

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Fyller du 65 år før 1. januar 2018, kan du ikkje få stipend eller lån frå Lånekassen.

Fyller du 45 år før du er ferdig med utdanninga, kan støtta bli redusert. Kor gammal du er, og kor stort studielån du har frå før, fastset kor mykje lån du kan få. Grunnen til det er at du skal vere ferdig med å betale studielånet ditt før du fyller 65 år. 

Slik bereknar vi kor mykje lån du kan få

Dersom du er eldre enn 45 år når du avsluttar utdanninga di, kan du ikkje ha ei gjeld på meir enn 500 000 kroner i Lånekassen. Årsaka er at lånet skal betalast tilbake innan du fyller 65 år.

For kvart år over 45 du er når du avsluttar utdanninga, blir den totale gjelda du kan ha redusert med 1/20. Det vil seie at dersom du er 50 år ved enda utdanning, kan du maksimalt ha 500 000 x (15/20) = 375 000 kroner i lån.

Utrekning

Du avsluttar ei fireårig utdanning som 50-åring og har eit studielån på 100 000 kroner frå før.

500 000 x (15/20) - 100 000 = 275 000.

Maksimalt lån du kan få er 275 000 : 4 (år) = 68 750 kroner i lån per år.