Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Har du fått etterbetalt trygd?

    Dersom du får etterbetalt trygd (for eksempel arbeidsavklaringspengar), blir heile etterbetalinga registrert på skattefastsetjinga (likninga) for det året du får utbetalinga. Lånekassen bruker inntektsopplysningane frå fastsetjinga til å berekne kor mykje stipend du har rett til, og store etterbetalingar kan føre til at du får redusert stipend.

    Lånekassen kan fordele slike etterbetalingar på dei åra dei gjeld, men du må sende inn oss eit brev der du søker om det. Du må også legge ved kopi av fastsetjinga og dokumentasjon frå Nav som viser kva delar av utbetalinga som er for tidlegare år.

    Ver merksam på at vi vil vurdere retten din til stipend for føregåande år på nytt, sidan inntekta di for dei tidlegare åra blir oppjustert. Dersom den nye berekninga viser at du har rett til mindre stipend, aukar gjelda di.