Trygd

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 20.09.2018
Trygd inngår som ein del av personinntekta, men det er ulike fribeløp for ulike typar trygdeytingar.

Det fins òg visse trygdeytingar som vi ser heilt bort frå når vi gjer om stipend til lån.

Kva skjer om du går over beløpsgrensene?

Stipendet ditt blir redusert med fem prosent per månad av den trygda som er over beløpsgrensa. Beløpsgrensene finn du lenger ned på sida.

Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men vi krev ikkje at du skal betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet. Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eventuelt forsørgjerstipend.

Det er likningsopplysningane for den perioden du har fått støtte som gjeld. Opplysningane blir overført frå Skatteetaten.

Trygdeytingar med same beløpsgrenser som person- og kapitalinntekt

Trygdeytingar med same beløpsgrenser som person- og kapitalinntekt

  • Foreldrepengar
  • Sjukepengar
  • Dagpengar under arbeidsløyse
  • Adopsjonspengar

For å behalde maksimalt stipend kan du ikkje ha trygdeytingar over desse grensene: 

Kalenderår

Ved støtte heile kalenderåret

Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår*

2019

kr 182 575

kr 456 436

2018

kr 177 257

kr 443 142

2017

kr 172 597

kr 431 492

2016

kr 168 059

kr 420 148

2015

kr 162 769

kr 406 923

*Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget, eller du får støtte for berre eitt semester i kalenderåret.

Trygdeytingar med lågare beløpsgrenser enn person- og kapitalinntekt

Trygdeytingar med lågare beløpsgrenser enn person- og kapitalinntekt

  • Stønad til enslig mor/far (overgangsstønad)
  • Arbeidsavklaringspengar
  • Uføretrygd
  • Barnepensjon
  • Etterlattepensjon
  • Alderspensjon
  • Introduksjonsstønad
  • Kvalifiseringsstønad

For å behalde maksimalt stipend, kan du ikkje ha trygdeytingar over desse grensene: 

Kalenderår

Ved støtte heile kalenderåret 

Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* 

2019

kr 97 688

kr 273 861

2018

kr 94 843

kr 265 884

2017

kr 92 350

kr 258 894

2016

kr 89 922

kr 252 088

2015

kr 87 092

kr 244 153

*Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget, eller du får støtte for berre eitt semester i kalenderåret.

Trygdeytingar vi ser bort frå

Trygdeytingar som vi ser bort frå

  • Kontantstøtte
  • Barnetrygd
  • Skattefrie attføringsstønader
  • Eingangsstønad ved adopsjon 
  • Eingangsstønad ved fødsel
  • Gravferdsstønad
  • Grunn- og hjelpestønad
  • Menerstatning ved yrkesskade
  • Stønad til barnetilsyn
  • Stønad ved helsetenester
  • Utdanningsstønad mm
  • Tiltakspengar
  • Andre skattefrie ytingar 

Desse trygdeytingane reknast ikkje som inntekt og speler difor ikkje noko rolle for kor mye stipend du får. Vi ser òg bort frå eventuelle bidrag du eller barna dine mottek.

Har du fått etterbetalt trygd?

Dersom du får etterbetalt trygd (for eksempel arbeidsavklaringspengar), blir heile etterbetalinga registrert på skattefastsetjinga (likninga) for det året du får utbetalinga. Lånekassen bruker inntektsopplysningane frå fastsetjinga til å berekne kor mykje stipend du har rett til, og store etterbetalingar kan føre til at du får redusert stipend.

Lånekassen kan fordele slike etterbetalingar på dei åra dei gjeld, men du må sende inn oss eit brev der du søkjer om det. Du må også leggje ved kopi av fastsetjinga og dokumentasjon frå Nav som viser kva delar av utbetalinga som er for tidlegare år.

Ver merksam på at vi vil vurdere retten din til stipend for føregåande år på nytt, sidan inntekta di for dei tidlegare åra blir oppjustert. Dersom den nye berekninga viser at du har rett til mindre stipend, aukar gjelda di.

Har du både arbeidsinntekt og trygd?

Det er ulike grenser for arbeidsinntekt og ein del trygdeytingar. Dersom du har hatt begge delar i året vi kontrollerer, må trygdeytingane du har motteke vere under grensa for trygd samtidig som arbeids- og :trygdeinntekter samla sett ikkje kan vere over grensa for arbeidsinntekt.

Les om behovsprøving mot trygdeytingar.