Kva skjer dersom eg har inntekt/formue over beløpsgrensene?

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 01.06.2017
Beløpet du kan få som stipend, blir gradvis redusert dersom du har inntekt eller formue over grensene.

Dersom du har inntekt og/eller formue over beløpsgrensene, blir det beløpet du kan få som stipend, gradvis redusert, alt etter kor mykje høgare enn grensene inntekta og /eller formuen din er. Det er berre dei beløpa som er over grensene som fører til reduksjon av stipendet.

Har du fått stipend fordi du har nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming og/eller du har fått forsørgjarstipend, vil desse stipenda bli reduserte først, og deretter utdanningsstipendet.

Det beløpet du ikkje har rett til å få omgjort til stipend, vil forbli lån og kan ikkje gjerast om til stipend på eit seinare tidspunkt heller. Du skal ikkje begynne å betale tidlegare sjølv om du ikkje får fullt stipend. Det betyr berre at lånet ditt vil vere litt større når du begynner å betale ned lånet.

Inntekt over grensa

Er det inntekta di som har vore for høg, kan du rekne det ut slik:

1. Ta utgangspunkt i heile årsinntekta før skatt
2. Trekk frå beløpsgrensa til Lånekassen
3. Differansen er det du har tent for mykje. Stipendet blir redusert med fem prosent per månad av dette beløpet.

Det betyr at dersom du har fått støtte i ti månader i same kalenderår, blir stipendet for det året redusert med 50 prosent av det du har tent for mykje. Har du fått støtte i fem månader, blir det redusert med 25 prosent av det du har tent for mykje. Desse eksempla føreset at det skal trekkjast for alle månadene du har motteke støtte.

Sjå eksempel på utrekning.

Formue over grensa

Dersom det er formuen din som er over grensa til Lånekassen, kan du regne det ut slik: 

1. Ta utgangspunkt i den formuen du har i fastsettinga av formues- og inntektsskatt (likninga) for det aktuelle året. 
2. Trekk frå beløpsgrensa til Lånekassen.

Stipendet blir redusert med to prosent per månad av det overskytande beløpet. Er du gift/sambuar med felles barn, blir stipendet redusert med éin prosent. Stipendet blir redusert med ein eller to prosent for kvar månad du har fått støtte. 

Sjå eksempel på utrekning.

For høg person- og kapitalinntekt

Formelen for å rekne ut kor mykje stipendet skal reduserast, er slik:

  • Inntekt over beløpsgrensa  x 5 prosent  x  Antall månader med støtte  =  Omgjeringsbeløp

Dersom du tener 190 000 kroner i 2017, og har fått støtte i ti månader, blir utrekninga slik: 

Inntekt 190 000
Beløpsgrense - 172 597
Inntekt over beløpsgrense =  17 403

Formelen over gir da dette reknestykket:

  • Kr 17 403    x  0,05  x  10 månader  =  8 701,5 kroner blir gjort om frå stipend til lån

Dersom du er i deltidsutdanning blir det tatt hensyn til det. Ved 50 prosent studiebelastning med same inntekt som over, blir reknestykket slik:

  • Kr 17 403   x  0,05  x  10 månader  x  0,5  =  4 350,75 kroner blir gjort om frå stipend til lån

For høg formue

Dersom du er einsleg og har formue over beløpsgrensa er formelen for å rekne ut kor mykje stipendet skal reduserast, slik:

  • Formue over beløpsgrensa  x  2 prosent  x  Antall månader med støtte  =  Omgjeringsbeløp

Dersom du har formue på 420 000 kroner i 2017, og har fått støtte i ti månader, blir utrekninga slik:

Formue 420 000
Beløpsgrense - 392 662
Formue over beløpsgrense =  27 338

Formelen over gir da dette reknestykket:

  • Kr 27 338 x  0,02  x  10 månader  =  5 467,60 kroner blir gjort om frå omgjeringslån til ordinært lån