Inntektsgrenser

Sist oppdatert: 09.09.2019
Inntektsgrensa for deg som får støtte heile året, er 182 575 kroner i 2019. Tener du meir enn det, får du mindre i stipend.

Inntekta din har som regel ikkje noko å seie for kor mykje lån og stipend du får utbetalt i første omgang, men vi behovsprøver stipendet mot inntekt, formue og trygd i etterkant. Vi får inntektsopplysningane automatisk frå skatteetaten, du treng altså ikkje å sende inn noko.

Kva skjer dersom eg tener meir enn grensa?

Tener du meir enn grensa, reduserer vi stipendet gradvis etter kor langt over grensa du er. Når vi bereknar kor mykje du kan få i stipend, reknar vi først ut differansen mellom inntektsgrensa og inntekta di. Beløpet vi får, multipliserer vi med fem prosent, og deretter med kor mange månader du har fått støtte. Det er denne summen vi trekkjer frå stipendet ditt. Sjå korleis vi reknar det ut her.

Stipenda som blir behovsprøvde

Ekstrastipend

Lånekassen kan gi ekstrastipend til kundar som har nedsett funksjonsevne og ikkje er i stand til å jobbe ved sidan av studia.

Forsørgarstipend

Forsørgarstipend kan du få dersom du har barn du forsørger.

Utdanningsstipend - basisstøtte

Utdanningsstipend er basisstøtte som er gjort om til stipend på grunn av bestått utdanning. Inntil 40 prosent av basisstøtta kan bli gjort om.

Flyktningstipend

Flyktningstipend blir behovsprøvd mot inntekt og formue for dei som får støtte etter reglane for høgare og anna utdanning. Dei som får flyktningstipend og får støtte etter reglane for vanleg vidaregåande skole, får ikkje stipendet behovsprøvd.

Dei ulike stipenda blir behovsprøvde i den same rekkefølgja som blir vist her. Det betyr at dersom du har inntekt over grensa, reduserer vi eit eventuelt ekstrastipend først, deretter forsørgarstipend, utdanningsstipend og flyktningstipend.

Grenser for inntekt

For å behalde maksimalt stipend kan du ikkje ha inntekt over desse beløpa:

 

Utdanningsstøtte heilt kalenderår

Støtte i sju månader eller mindre per kalenderår

2020

kr 188 509

kr 471 270

2019

kr 182 575

kr 456 436

2018

kr 177 257

kr 443 142

2017

kr 172 597

kr 431 492

2016

kr 168 059

kr 420 148

Dette reknar vi som inntekt

Når vi behovsprøver støtta mot inntekt, ser vi på person- og kapitalinntekta di. Den består av

  •  all skattepliktig arbeidsinntekt (inkludert feriepengar)
  •  alle skattbare trygde- og pensjonsytingar
  •   alle kapitalinntekter

Vi ser bort frå eventuelle bidrag som du eller barna dine mottek og renteinntekter frå BSU-sparing.

Bruk støttekalkulatoren til å rekne ut stipend

Dersom du fyller ut informasjon om inntekt og formue i støttekalkulatoren, får du ei berekning av kor mykje lån som kan bli omgjort til stipend. Du må først fylle ut kor mykje stipend og lån du kan få. Hugs at resultatet er basert på informasjonen du har fylt ut, og ikkje er ein fasit på kor mykje stipend og lån du faktisk får. Det kan vere andre forhold som påverkar beløpet.

Er du sjølvstendig næringsdrivande?

Er du sjølvstendig næringsdrivande, blir personinntekta fastsett etter eigne reglar. Det er skattestyresmaktene som forvaltar desse reglane og som fastset personinntekta til sjølvstendig næringsdrivande. Les meir på skatteetaten.no.

Deltidsutdanning

Tar du deltidsutdanning, gjeld dei same inntektsgrensene som for fulltidsutdanning. Du vil likevel få ein mindre reduksjon av stipendet, alt etter kor mange prosent du tar på deltid. Studerer du for eksempel 50 prosent deltid, får du berre halvparten av trekket som ein fulltidsstudent ville fått.

Har du både arbeidsinntekt og trygd?

Det er ulike grenser for arbeidsinntekt og ein del trygdeytingar. Dersom du har hatt begge delar i året vi kontrollerer, må trygdeytingane du har motteke vere under grensa for trygd samtidig som arbeids- og trygdeinntekter samla sett ikkje kan vere over grensa for arbeidsinntekt.

Les om behovsprøving mot trygdeytingar.

Feil opplysningar om inntekt, formue eller trygd

Dersom du meiner at det er feil i opplysningane vi har fått frå skatteetaten om inntekta, formuen eller trygdeytingane dine, må du kontakte skatteetaten for å få fastsettinga (likninga) di retta.

Blir fastsettinga endra, og du ønskjer at vi skal vurdere lånet ditt på nytt, må du sende inn ein kopi av det nye vedtaket til Lånekassen, når du får det frå skatteetaten.

Du kan sende inn den nye dokumentasjonen på Dine sider. Lånekassen får ikkje automatisk opplysningar frå skatteetaten om at det er gjort endringar i inntekt, formue eller trygd.