Formuegrensar

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Kor mykje du har i formue avgjer kor mykje av lånet ditt som kan bli gjort om til stipend. Er formuen din høgare enn Lånekassens grensar, får du mindre i stipend.

Du mistar ikkje heile stipendet dersom du har formue litt over grensane, men stipendet blir redusert gradvis ut frå kor mykje formue du har. Vi ser berre på beløpa som er over grensane når vi reknar ut reduksjon av stipendet. Sjå korleis vi reknar ut det ut her

Bruker tal frå Skatteetaten

Vi får opplysningar om inntekta din og formue frå fastsetjinga av formue- og inntektsskatt (likninga), som vi får automatisk frå Skatteetaten.

Grensar for formue

For å behalde maksimalt stipend kan du ikkje ha nettoformue over desse beløpa:

Kalenderår

Ensleg søkjer

Samla for søkjar og ektefelle/søkjer og sambuar med felles barn

2019

kr 415 362

kr 797 737

2018

kr 403 264

kr 774 502

2017

kr 392 662

kr 754 140

2016

kr 382 339

kr 734 314

2015

kr 370 304

kr 711 200

Når vi bereknar kor mykje av stipendet ditt som blir redusert, reknar vi først ut differansen mellom formuegrensa og formuen din. Beløpet vi får gonger vi med to prosent, og så med dei månader du har fått støtte. Summen av dette er beløpet som blir trekt frå stipendet.

Er du gift, registrert partner eller sambuar med felles barn, blir stipendet ditt redusert på same måte, men med éin prosent.

Sjå korleis inntekta og formuen din påverkar stipendet

Dersom du fyller ut informasjon om inntekt og formue i støttekalkulatoren, får du ei berekning av kor mykje lån som kan bli omgjort til stipend. Du må først fylle ut kor mykje stipend og lån du kan få. Hugs at resultatet er basert på informasjonen du har fylt ut og ikkje ein fasit på kor mykje stipend og lån du faktisk får. Det kan vere andre forhold som påverkar beløpet.

Vi bruker desse tala frå fastsetjinga (likninga)

  •  all skattepliktig arbeidsinntekt (inkluderte feriepengar)
  •  alle skattbare trygde- og pensjonsytingar
  •   alle kapitalinntekter
  •   nettoformue

Vi ser bort frå eventuelle bidrag som du eller barna dine mottek.