Studere utan støtte

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 18.03.2018
Kva skjer dersom du studerer utan støtte frå Lånekassen?

Rentene begynner å løpe

Hvis du ikkje søkjer om støtte eller ikkje lenger har rett til støtte, og har tatt opp lån tidlegare, begynner rentene å løpe på lånet ditt.

Det blir rekna renter frå og med den første månaden etter at du slutta å motta støtte, og du vil normalt få tilsendt ein betalingsplan etter fire månader.

Dersom du ikkje mottek støtte frå Lånekassen vil rentene løpe på lånet ditt sjølv om du er under utdanning. Då må du sjølv søkje om betalingsutsetjing for å sleppe å betale medan du studerer, og om sletting av renter. Lånekassen får ikkje informasjon om dette automatisk frå lærestaden.

Fulltidsutdanning utan støtte

Tek du fulltidsutdanning utan at du mottek støtte frå Lånekassen? Sjølv om utdanninga du tek gjer deg rett til støtte og dermed rett til å få sletta renter, vil renta likevel løpe på lånet ditt medan du er i utdanning.

Når du tek utdanning utan å søkje støtte, må du søkje om betalingsutsetjing for kvart semester (du kan utsetje å betale seks rekningar om gangen). Du kan berre søkje om sletting av renter i etterkant, det vil seie når du er ferdig med utdanninga og har bestått eksamen.

Fulltidsutdanning med støtte etter ein pause

Dersom du får støtte til fulltidsutdanning etter ein pause, blir lånet ditt automatisk satt rente- og avdragsfritt i støtteperioden. Du treng ikkje å søkje spesielt om dette.

Deltidsutdanning utan støtte

Tek du deltidsutdanning og har rett til støtte, kan du ha rett til å få sletta renter medan du er i utdanning dersom du har lav inntekt. Du må søkje om betalingsutsetjing sjølv (du kan maksimalt få innvilga seks utsetjingar om gongen). For å få sletta renter må søkje om det når de er ferdig med utdanninga og har bestått eksamen. Les meir om sletting av renter under utdanning.

Forseinking

Tek du fulltidsutdanning og er meir enn eitt år forseinka har du ikkje rett på støtte. Rentene løper på lånet ditt og du har ikkje rett til sletting av renter sjølv om du er i utdanning. Eit unntak er dersom du mottek sjukestipend eller foreldrestipend ved fødsel. Du kan hente inn forseinking ved å ta utdanning utan støtte frå Lånekassen.