Forseinka i utdanninga?

Sist oppdatert: 20.09.2019
Blir du forseinka med meir enn eitt år i utdanninga, misser du normalt retten til studiestøtte. Du kan få støtte igjen når du har henta inn forseinkinga som overstig eitt år.

Du er forsinka viss du består mindre utdanning enn du har fått støtte til. Vi godtar eitt år med forseinking, til saman 60 studiepoeng. Blir du meir enn eitt år forsinka, misser du normalt retten til støtte. Har du tatt en utdanning som gir utteljing i noko anna enn studiepoeng, som årstimar eller bestått kurs (for eksempel på folkehøgskole), reknar vi det om til studiepoeng.

Kor mange studiepoeng du består, påverkar kor mykje du kan få gjort om frå lån til stipend. Kor mykje du kan få gjort om frå lån til stipend, avhenger også av kva type utdanning du har fått støtte til. Har du fått støtte til for eksempel ein bachelorgrad som du ikkje fullfører, kan du berre få gjort om lån til stipend for dei studiepoenga du har bestått. Les meir om omgjering her.

Du tek med deg forseinking frå tidlegare

Byter du utdanning, tek du med deg forseinking frå tidlegare. Du blir framleis rekna som forseinka viss du har innfridd lånet ditt og søkjer ny støtte frå oss. Vi reknar ikkje med forseinking frå vanleg vidaregåande opplæring.

Eg har fått avslag, korleis kan eg få støtte igjen?

Du må hente inn forseinkinga som overstig 60 studiepoeng, før du kan få meir støtte frå oss. Du kan få støtte igjen frå semesteret etter at du har henta inn forseinkinga. Det vil si at viss du hentar inn forseinking ved å bestå utdanning om hausten, kan du først få støtte igjen våren etter.

I vedtaksbrevet der du fekk avslaget, ser du kor mange studiepoeng eller tilsvarande du må hente inn før du kan få ny støtte. På Dine sider finn du ei oversikt over eksamensresultata vi har registrert på deg.

Sjukdom, fødsel eller nedsett funksjonsevne

Har du blitt forseinka i utdanninga på grunn av sjukdom, fødsel eller nedsett funksjonsevne, kan du få støtte sjølv om du er meir enn 60 studiepoeng forseinka.

Du må dokumentere at heile eller delar av forseinkinga skuldast ein av desse årsakane. Dokumentasjonen kan for eksempel vere frå lege eller annan fagperson med særleg kjennskap til din situasjon. Les meir i § 9-3 i forskrifta om utdanningsstøtte.

Det finnes også andre typar støtte du kan ha rett til viss du har blitt forseinka på grunn av ein av disse årsakene:

På grunn av personvernreglane kan du ikkje laste opp dokumentasjon om sjukdom, nedsett funksjonsevne eller andre særlege personopplysningar på Dine sider. Du må sende det i posten til

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Hugs å merke dokumentasjonen med fødsels- og personnummeret ditt eller kundenummeret i Lånekassen.

Eg skal ta konteeksamen eller utsett eksamen

Består du konteeksamen eller utsett eksamen i august/september, kan du sende oss ein e-post frå Dine sider der du ber om at søknaden din blir behandla på nytt. Du må sende inn dokumentasjon på at du har bestått ein konteeksamen eller utsett eksamen, og kor mange studiepoeng eksamenen var på. Eksamenen må være knytt til det føregåande semesteret.

Må eg sende inn eksamensresultata mine?

Lånekassen får automatisk melding om kor mange studiepoeng/årstimar du har bestått frå lærestader i Norge. Har du studert i Norge, treng du altså ikkje sende inn eksamensresultat til oss.

Har du teke eit delstudium i utlandet, må du sende eksamensresultata til din norske lærestad, som vil rapportere desse vidare til Lånekassen. Har du teke ei gradsutdanning i utlandet, må du sjølv sende inn eksamensresultata til Lånekassen.

Eksempel på forseinking viss du tek anna utdanning (for eksempel fagskole)

Du har tidlegare fått studiestøtte til toårig fagskole som er normert til 120 studiepoeng. No skal du søkje ny støtte til ny utdanning. Lånekassen har fått eksamensresultata frå den tidlegare lærestaden din og registrert at du berre har bestått 50 studiepoeng, ikkje 120. Dermed er du 70 studiepoeng forseinka frå tidlegare utdanning, altså 10 studiepoeng for mykje til å ha rett til meir støtte. Då må du ta igjen minimum 10 studiepoeng for å ha rett til støtte frå oss igjen. Du må studere utan studiestøtte fram til du har tatt igjen forseinkinga.

Eksempel på forseinking viss du tek høgare utdanning (for eksempel universitet)

Du har fått studiestøtte til dei to første åra av bachelorgraden din. Tre års fulltidsutdanning er normert til 180 studiepoeng, og etter to år skulle du ha bestått 120 studiepoeng. Lånekassen får eksamensresultata frå lærestaden din og registrerer at du berre har bestått 50 studiepoeng, ikkje 120. Dermed er du 70 studiepoeng forseinka, altså 10 studiepoeng for mykje til å ha rett til mer støtte. Då må du ta igjen 10 studiepoeng for å ha rett til støtte frå oss igjen. Det betyr at du må studere utan studiestøtte til du har tatt igjen forseinkinga. Då kan du søkje om støtte til neste semester.

Eg har bestått ekstra utdanning

Du fekk støtte til fulltidsutdanning i 2017 og bestod 90 studiepoeng, altså 30 studiepoeng meir enn dei 60 studiepoenga du hadde fått støtte til. Lånekassen brukte 60 studiepoeng til å gi full omgjering for 2017, medan dei 30 ekstra poenga blei lagt i ein "restpott" til bruk i seinare omgjeringar.

Du fekk deretter støtte til fulltidsutdanning i 2018 og bestod 60 av 60 studiepoeng. Ved omgjering blei "restpotten" frå 2017 først brukt og så 30 av dei 60 nye studiepoenga.

Dersom du får utdanningsstøtte seinare utan å bestå fag, kan du likevel få omgjering for dei 30 studiepoenga du har til gode.

Eksamensresultat kan gi omgjering fire år fram eller tilbake i tid.

Ujamn fordeling av studiepoeng

Tek du ein treårig bachelorgrad, får du 180 studiepoeng. Vanlegvis får du 60 studiepoeng per år.

Enkelte grader og utdanningar er lagt opp slik at fordelinga av studiepoeng som blir teke kvart semester eller undervisningsår, er ujamn. Tek du for eksempel 45 studiepoeng det første året og 65 studiepoeng det andre året, må du ta 70 studiepoeng det tredje året for å oppnå full studiebelastning i løpet av tre år.

Følgjer du eit slikt undervisningsopplegg, vil du ikkje få full omgjering det første året. Seinare i utdanninga, når du har teke dei manglande studiepoenga, vil vi gjere om den delen av lånet du tidlegare ikkje har fått omgjort.

Merk at vi må få opplysningar om fastsetjinga (likninga) frå skatteetaten for året du fekk støtte før vi kan gjere om lån til stipend.