Flytting

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 07.08.2017
Det har mykje å seie for stipend- og lånebeløpet om du bur borte eller heime.

Viktig å melde flytting

Høgare og anna utdanning

Dersom du er registrert som bortebuar hjå Lånekassen, kan du få inntil 40 prosent av lånet gjort om til stipend etter bestått eksamen.

Bur du i same hus som foreldra dine, får du ikkje stipend sjølv om du bor i eigen leilighet eller betaler husleige heime. Du blir også rekna som heimebuar dersom du bur i ein bustad som høyrer til huset der foreldra dine bur. Heile støtta blir då gitt som lån, og ikkje noko av lånet blir gjort om til stipend når utdanninga er fullført.

For å få stipend når du og foreldra dine bur i same hus, må de bo i atskilte boeiningar i eit hus som har fleire en fire sjølvstendige og klart atskilte boeiningar.

Flyttar du frå eller til foreldra dine i løpet av perioden du tek i mot stipend og lån for, må du sende skriftleg melding til Lånekassen og opplyse om flyttedatoen og den nye adressa di. Du kan enkelt melde frå under "meld frå om endringar" på Dine sider.

Vidaregåande opplæring

Dersom du må flytte for deg sjølv, kan du få bustipend. For å få bustipend er det visse krav som blir stilte. Du må bu for deg sjølv, og i tillegg må minst eitt av desse krava vere oppfylte:

  • Skolen ligg minst 40 km frå foreldreheimen
  • Reisetida mellom heim og skole er minst tre timar tur-retur
  • Det er spesielle forhold som gjer at du ikkje kan bu heime medan du går på skolen

Flytter du tilbake til foreldra dine, har du ikkje lenger rett på bustipend. Flytting kan også føre til at du skal ha meir eller mindre reisestipend enn du eventuelt har fått.

Fristar

Dersom du kryssa av for at du skulle bu heime i søknaden om støtte, men har flytta for deg sjølv etter at du søkte, må melding om flyttedato og hybeladresse meldast til Lånekassen før støtteperioden/undervisningsåret er avslutta.

Dersom du kryssa av for at du skulle flytte for deg sjølv i søknaden om støtte, men ikkje ga hybeladresse eller flyttedato på søknaden, må du sende inn desse opplysningane til Lånekassen før før støtteperioden/undervisningsåret er avslutta.

Søknader eller nye opplysningar som kjem inn til Lånekassen etter at undervisningsåret eller kurset er avslutta, blir ikkje behandla.

Lærlingar

Melding om hybeladresse og flyttedato for lærlinger, må meldast til Lånekassen innan 30. juni, eller innan lærekontrakten er avslutta, dersom lærekontrakten er avslutta før 30. juni.

Slik melder du frå om flytting

Slik kan du melde frå til oss om du bur heime eller borte

Slik kan du ikkje melde frå til oss om du bur heime eller borte

  • Per telefon
  • På vanleg e-post
  • Endring av adresse i Folkeregisteret