Byte lærestad

Sist oppdatert: 03.04.2019
Byter du lærestad, må du sende oss ein ny søknad om stipend og lån.

Når må du sende oss ein ny søknad?

  • Har du søkt støtte for å gå på ein lærestad, men begynner på ein annan, må du sende inn ein ny søknad.
  • Har du allereie fått ein avtale om støtte, må du ikkje sende inn denne, men søke på nytt. 
  • Får du allereie støtte, men skal byte lærestad, må du seie frå til oss, slik at vi kan stoppe utbetalingane. Deretter kan du søke om støtte til den nye lærestaden.

Byte av lærestad i utlandet

Dersom du byte lærestad i utlandet, må du sende skriftleg melding til oss om dette. Du må legge ved dokumentasjon både frå den nye lærestaden din og frå lærestaden du har studert ved tidlegare. Du må i tillegg sende ny søknad om støtte til den nye utdanninga.

Vi treng desse opplysningane når du byter lærestad:

  • Datoen for når du bytte lærestad. Gjorde du det midt i semesteret, må det stå kva dato du avslutta utdanninga
  • Opplysningar om skolepengar. Dersom du har fått støtte til skolepengar, må lærestaden stadfeste kor mykje som er full betaling for semesteret og kor mykje du har betalt. Dersom du får refunderte skolepengar, må det komme fram av dokumentasjonen
  • Karakterutskrift som viser alle faglege resultat ved lærestaden fram til du bytte
  • Dokumentasjon på opptak og skolepengar frå den nye lærestaden