Avbrot eller pause

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 02.06.2017
Avbryt du ei utdanning du har fått støtte til, må du gi melding til Lånekassen snarast.

Avbrot i utdanninga

Dersom du avbryt ei utdanning du har fått støtte til, må du snarast gi melding til Lånekassen, slik at pengeoverføringa kan bli stoppa. Du kan enkelt melde frå på Dine sider.

Dei periodane du har fått pengar frå Lånekassen, men manglar faglege resultat for, vil bli rekna som ei forseinking. Du kan vere inntil eitt år forseinka og likevel få stipend og lån. Du får ikkje noko lån gjort om til stipend dersom du manglar faglege resultat.

Pause i utdanninga

Tek du ein pause frå ei utdanning og ikkje får pengar frå Lånekassen, vil det ikkje ha noko å seie for sjansane dine til å få stipend og lån seinare, men det blir rekna renter på lånet ditt. Etter ca. sju månader vil du få den første rekninga.

Du må sjølv søkje om utsetjing av betalinga og sletting av renter, dersom du fortset å studere utan støtte frå Lånekassen.

Sjuk eller gravid?

Dersom grunnen til avbrotet eller pausen er at du blei sjuk eller gravid, bør du lese om sjukestipend og foreldrestipend ved fødsel.

Avbryte utdanning i utlandet

Avbryt du studier i utlandet, må du melde frå til Lånekassen. Du må også skaffe dokumentasjon frå lærestaden.

Vi treng dokumentasjon på

  • Datoen for når semesteret ditt starta 
  • Datoen for når du avbrøyt studiet 
  • Datoen for når semesteret skulle vore avslutta
  • Dersom du er tildelt skolepengar, må lærestaden stadfeste kor mykje som er full betaling for semesteret og kor mykje du har betalt. Eventuell tilbakebetaling eller om dette blir vurdert, må gå fram av dokumentasjonen
  • Lånekassen treng også dokumentasjon på eventuelt oppnådde resultat ved lærestaden fram til utdanninga blei avbrutt
Dersom du avbryt ei utdanning i utlandet og består færre studiepoeng enn du har fått støtte til. reknar vi deg som seinka i utdanninga. Les meir om fagleg forseinking i utlandet.