Forseinking, avbrot og andre endringar

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
Skjer det endringar, som til dømes at du flyttar eller stryk til eksamen, kan det bety at du skal ha meir eller mindre pengar frå Lånekassen.

Dersom du ikkje melder frå om endringane, kan du i somme tilfelle gå glipp av pengar. I andre tilfelle vil du få mindre pengar etter ei endring, men du har plikt til å melde frå likevel.

Du må melde frå til Lånekassen dersom du:

  • avbryt utdanninga
  • tek pause i utdanninga
  • skifter lærestad
  • endrar den faglege planen
  • flytter frå eller tilbake til foreldra dine
  • endrar sivilstand

Du kan enkelt melde frå om endringar på Dine sider.

Skal du bytte lærestad, må du i tillegg sende ein ny søknad.

Sjuk eller gravid?

Dersom grunnen til avbrotet eller pausen er at du blei sjuk eller gravid, bør du lese om sjukestipend og foreldrestipend ved fødsel.

Kva skjer dersom du ikke melder fra om endringar?

Dersom du ikkje melder frå om endringar, eller gir feil opplysningar, kan Lånekassen gjere om stipend til lån og krevje pengane tilbake. Vi kan også nekte å gi deg meir utdanningsstøtte. Grove tilfelle kan bli melde til politiet.