Har du adoptert?

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Dersom du adopterer barn, er reglane for foreldrestipend nesten dei same som for fødsel, men det er nokre forskjellar.

Vilkår for foreldrestipend

  • Du må ha opptak som elev eller student i ei godkjend utdanning
  • Du må ha vore i utdanning i minst fire månader rett før fødselen/adopsjonen.
  • Du må ha hatt rett til støtte frå Lånekassen i den same perioden. Det er ikkje eit krav at du må ha søkt om og fått støtte frå Lånekassen.
  • Du må bu saman med barnet.

Kor lenge får du foreldrestipend

Når du adopterer, kan du få foreldrestipend i 46 veker etter adopsjonen.

Dersom du adopterer meir enn eitt barn samstundes, kan du få foreldrestipend i fem veker lenger for kvart barn fleire enn eitt.

Ingen permisjon før adopsjonen

Når du adopterer, kan du få foreldrestipend frå og med adopsjonsdatoen. Dersom du tek ut permisjon før adopsjondatoen, kan du risikere å miste retten til foreldrestipend.

Pass på at du har plass i ei utdanning

For at du skal få foreldrestipend, må du anten vere i utdanning, ha permisjon frå ei utdanning, eller ha ein reservert studieplass. Utan det har du ikkje rett til foreldrestipend.