Er du gravid?

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 20.03.2017
For å få foreldrestipend fra Lånekassen må du ikkje avbryt utdanninga eller ta permisjon for tidleg.

Du kan få foreldrestipend i totalt 49 veker, tre veker før fødselen og 46 veker etter.

Foreldrestipendet tilsvarer basisstøtta, og heile beløpet blir gitt som stipend. Har du rett til forsørgjarstipend, blir stipendet større.

Ikkje avbryt utdanninga

For å få foreldrestipend må du anten vere i utdanning, ha permisjon frå ei utdanning eller ha reservert ein studieplass. Du får ikkje stipendet dersom du avbryt utdanninga.

Ikkje ta permisjon for tidleg

For å ha rett til foreldrestipend må du ikkje ta permisjon frå utdanninga før tre veker før fødselen. Tek du permisjon tidlegare enn dette, må du dokumentere kvifor du gjorde det. Vi kan godta tidlegare permisjon for eksempel dersom sjukdom eller krav frå lærestaden din gjorde at du måtte ta tidlegare permisjon.