Behovsprøving av forsørgjarstipend

Undervisningsåret 2017–2018 - Sist oppdatert: 01.12.2017
Forsørgjarstipendet er behovsprøvd. Inntekta og formuen for deg og ein eventuell ektefelle eller sambuar du har barn saman med, må vere lågare enn grensene i forskrifta.

Når du søkjer om stipend og lån, må du oppgi forventa årsinntekt (person- og kapitalinntekt) for ektefellen eller sambuaren din. Vi vurderer om du har rett til forsørgjarstipend basert på inntekta du oppgir.

Inntektsgrenser for ektefelle/sambuar

2016 2017 2018
379 215 kroner
389 454 kroner 399 969 kroner
Når likninga er klar, innhentar Lånekassen opplysningar frå skatteetaten om faktisk person- og kapitalinntekt og formue for deg og den eventuelle ektefellen /sambuaren din , for dei periodane du har fått forsørgjarstipend.
Forsørgjarstipendet blir regulert i forhold til den faktiske inntekta og formuen. Dersom du/ektefelle/sambuar har for høg inntekt eller formue, kan ein del av forsørgjarstipendet bli gjort om til lån.

Rekkjefølgja av behovsprøvinga

  1. Først sjekkar Lånekassen forsørgjarstipendet mot person- og kapitalinntekta for ein eventuell ektefelle/sambuar. Dersom den er høgare enn 389 454 kroner ved fastsettinga av formues- og inntektsskatt (likninga) for 2017 og 399 969 kroner ved fastsettinga for 2018, blir forsørgjarstipendet redusert med fem prosent per månad.
  2. Deretter behovsprøver vi forsørgjarstipendet mot di eiga person- og kapitalinntekt.
  3. Til slutt behovsprøver vi forsørgjarstipendet mot formuen din og formuen til den eventuelle ektefellen /sambuaren din.
  4. Først når Lånekassen har kontrollert forsørgjarstipendet mot desse grensene, blir det fastsett om ein del av eller heile forsørgjarstipendet blir gjort om til lån for kvart enkelt kalenderår.

Det er viktig å seie i frå om endringar

Dersom inntekta til ektefellen eller sambuaren din blir lågare enn oppgitt i søknaden, må du opplyse om det innan støtteperioden/undervisningsåret er avslutta. Den enklaste måten å melde frå på er på Dine sider. Du kan også sende oss eit brev.