Behovsprøving av forsørgjarstipend for deg i vidaregåande opplæring

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Forsørgjarstipendet er behovsprøvd. Forsørgjarstipendet kan bli redusert dersom du har trygdeytingar eller lærlinglønn, eller dersom du er gift eller har sambuar med felles barn med inntekt over grensene våre.

Dersom du er gift eller er sambuar med felles barn, blir forsørgjarstipendet redusert med 60 prosent av hans/hennar bruttoinntekt over kr 33 248 per månad.

Når du søkjer om stipend og lån, oppgir du forventa brutto månadsinntekt for ektefellen eller sambuaren din. Vi vurderer om du har rett til forsørgjarstipend basert på inntekta du oppgir.

Når vi behandlar søknaden, kan det hende at vi ber deg om å sende dokumentasjon på månadleg bruttoinntekt, for eksempel kopi av lønnsslippen til ektefellen eller sambuaren. Dersom inntekta varierer frå månad til månad, kan du oppgi eit gjennomsnittsbeløp for semesteret.

Meld fra om endringar

Dersom inntekta til ektefellen eller sambuaren din blir lågare eller høgare enn du oppgav i søknaden, må du opplyse om det innan støtteperioden/undervisningsåret er avslutta. Den enklaste måten å melde frå på er å sende oss ein e-post på Dine sider. Du kan også sende oss eit brev.

Lærlinglønn

Grunnstipend og forsørgjarstipend blir redusert dersom du mottek lærlinglønn.

Har du har lærlinglønn i søknadsperioden, blir det trekt 60 øre av stipendet for kvar krone du tener. Du blir først trekt i grunnstipendet, deretter i eit eventuelt forsørgjarstipend.

Dersom inntekta din varierer, bruker vi gjennomsnittleg månadsinntekt per semester.

Trygd og pensjon

Grunnstipend og forsørgjarstipend blir redusert dersom du har trygd eller pensjon.

Har du trygd eller pensjonsytingar i søknadsperioden, blir det trekt 60 øre av stipendet for kvar krone du tener. Du blir først trekt i grunnstipendet, deretter i eit eventuelt forsørgjarstipend.

Dersom inntekta di varierer, blir gjennomsnittleg månadsinntekt per semester brukt.

Mottek du trygd/pensjon, må du leggje ved kopi av pensjons-/trygdevedtaket ditt. Du må føre opp gjennomsnittleg brutto stønad per månad dersom du får f.eks.:

  • stønad som einsleg forsørgjar
  • AAP
  • utdanningsstønad frå folketrygda
  • annan pensjon/trygd
  • sjukepengar
  • introduksjonsstønad

Forsørgjer du barn, må du ta med eventuelle ytingar til dei. Barnetrygd, kontantstøtte, grunn- og hjelpestønad skal du ikkje ta med.