Vilkår for foreldrestipend

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Får du barn medan du er i utdanning, kan du få foreldrestipend. Det gjeld både ved fødsel og adopsjon.

Både mor og far kan få foreldrestipend, men dei kan ikkje få det samtidig.

Alle vilkåra som blir lista opp nedanfor, må vere oppfylte for at du skal kunne få foreldrestipend.

Vilkår for foreldrestipend

  • Du må ha opptak som elev eller student i ei godkjend utdanning
  • Du må ha vore i utdanning i minst fire månader rett før fødselen/adopsjonen. Du må også ha hatt rett til støtte frå Lånekassen i den same perioden. Det er ikkje eit krav at du må ha motteke støtte.
  • Du må bu saman med barnet.
  • Ektefellen/sambuaren din kan ikkje motta foreldrepengar frå Nav samtidig som du får foreldrestipend.

Foreldrepengar frå Nav

Dersom ektefellen eller sambuaren din får foreldrepengar frå Nav, kan det påverke kor mykje foreldrestipend du får. Ein eventuell reduksjon / tap av foreldrestipend gjeld berre i den perioden han eller ho mottek foreldrepengar frå Nav.

Kor stor gradering tek han/ho ut i foreldrepengar frå Nav? Kor mykje du får i foreldrestipend frå Lånekassen
100 % gradering/fulle foreldrepengar Får ikkje foreldrestipend (0 %)
50–99 % graderte foreldrepengar Halvt foreldrestipend (50 %)
0 - 49 % graderte foreldrepengar Fullt foreldrestipend (100 %)

Eksempel: Du får foreldrestipend dei første ti vekene av perioden. Etterpå tek ektefellen eller sambuaren din ut fire veker foreldrepermisjon med 100 prosent foreldrepengar frå Nav. I desse fire vekene får ikkje du foreldrestipend. Når ektefellen/sambuaren din går tilbake i jobb, kan du få fullt foreldrestipend igjen.

Unntak frå oppteningstida og spesielle ordningar

  • Lånekassen kan gjere unntak frå kravet om fire månaders oppteningstid ved prematur fødsel.
  • Var du i utdanning om våren, vil sommarferien telje med i dei seks månadene med oppteningstid.
  • Får du barn i sommarferien etter at du er ferdig med utdanninga di, kan du få foreldrestipend fram til 14.08.
  • Er barnet dødfødt, får du foreldrestipend for tre veker før og seks veker etter fødselen.
  • Døyr barnet i løpet av perioden opp til 44 veker etter fødselen, får du foreldrestipend i opptil seks veker etter dødsfallet.