Slik søkjer du om foreldrestipend

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Du søkjer om foreldrestipend etter at barnet er født, og seinast 12 månader etter at barnet er født.

Last ned skjema

Slik søkjer du

  1. 1. Søk om vanleg støtte til stipend og lån.
    Du må alltid søkje om vanleg støtte i tillegg til foreldrestipend.
  2. 2. Send inn søknad om foreldrestipend
    Etter at du har fått barnet, og seinast 12 månader etter at barnet er født, sender du inn Søknad om foreldrestipend ved fødsel og adopsjon (G-skjema).
  3. 3. Legg ved dokumentasjon
    Saman søknaden om foreldrestipend må du leggje ved den dokumentasjonen vi ber deg om:
    • Kopi av fødselsattest/fødselsmelding for barnet eller dokumentasjon på adopsjonsdato.
    • Opplysning om du skal ha permisjon frå utdanninga eller ikkje. Lærestaden må stadfeste permisjonsperioden.
    • Dokumentasjon som viser at du har minst 40 prosent samvær med barnet dersom du ikkje har dagleg omsorg. Send for eksempel inn kopi av samværsavtale.
    • Kopi av vedtaksbrev frå Nav dersom sambuaren eller ektefellen din skal motta foreldrepengar.

Du kan også skrive eit brev til oss, og leggje ved dokumentasjonen vi ber om.

Er du gift, eller har felles barn med sambuaren din?

Er du sambuar med felles barn eller gift, må du i tillegg

  • leggje ved fødselsnummeret til sambuaren/ektefellen din.
  • leggje ved stadfesting som viser om sambuaren/ektefellen din skal ta ut foreldrepengar, og i så fall i kva periode.

Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd mot inntekta til ektefellen/sambuaren din. Lånekassen hentar informasjon om inntekta hans/hennar frå A-ordninga. Dei aller fleste treng altså ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt.

Dersom ektefellen/sambuaren din er sjølvstendig næringsdrivande eller bur i utlandet, må du likevel sende inn dokumentasjon sjølv. Då må du sende inn dokumentasjon som viser brutto inntekt/stønad/trygd for sambuaren/ektefellen din, for eksempel kopi av lønnsslepp.

Forsørgjarstipend

Når du søkjer om foreldrestipend, vurderer vi automatisk om du har rett til forsørgjarstipend også. Her kan du lese meir om forsørgjarstipend.

Behandling av søknaden og utbetaling

I første omgang får du utbetalt vanleg stipend/lån. Unntaket er dersom du har permisjon frå utdanninga ved semesterstart. Då får du ikkje utbetalt støtte før søknaden om foreldrestipend er innvilga.

Har du fått utbetalt lån for den perioden du skal ha foreldrestipend, blir lånet gjort om til foreldrestipend når vi behandlar søknaden din om foreldrestipend. Det er fødselsdatoen, ikkje termindatoen, som avgjer perioden med foreldrestipend.

Dersom du har rett til forsørgjarstipend, blir det etterbetalt for tida frå fødselen og fram til søknaden blei godkjend. Foreldrestipendet og eit eventuelt forsørgjarstipend blir deretter overført månadleg til kontoen din.

Søknadsfrist

Søknaden om foreldrestipend med dokumentasjon må vere kommen inn til Lånekassen seinast tolv månader etter fødselen.

Ventar du på vedtaksbrev frå Nav?

Dersom du ventar på eit vedtaksbrev frå Nav som skal dokumentere permisjonsperioden for ektefellen/sambuaren din, oppgir du kva periode han eller ho har søkt om permisjon. Når han/ho får vedtaksbrevet frå Nav, sender du inn ein kopi av brevet til Lånekassen.