Så mykje foreldrestipend kan du få i vidaregåande opplæring

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Har du fått barn og er i vanleg vidaregåande opplæring med ungdomsrett, kan du få foreldrestipend. Beløpet er det same som du elles ville ha fått som stipend og lån.

Forskjellen frå vanleg stipend og lån frå Lånekassen er at du får heile støtta utbetalt som stipend. Foreldrestipendperioden varer i opptil 49 veker, tre veker før fødselen og 46 veker etter.

Når du har fått barn, blir ikkje stipendet behovsprøvd mot inntekta til foreldra dine lenger. Men stipendet blir framleis behovsprøvd mot lærlinglønna di eller trygde- og pensjonsytingar. Får du overgangsstønad frå Nav, har du berre rett til eit foreldrestipend som tilsvarer det beløpet du kunne ha fått som lån. Det er berre elevar over 18 år som kan få lån frå oss.

Dersom du har fått utbetalt lån i foreldrestipendperioden, blir lånet gjort om til stipend når søknaden om foreldrestipend er ferdigbehandla.

Vilkår for å få foreldrestipend

  1. Du må til vanleg ha vore i utdanning og hatt rett til støtte frå Lånekassen i fire månader rett før fødselen (oppteningsperiode).
  2. Lærlingar må til vanleg ha godkjend lærekontrakt, og lærekandidatar må til vanleg ha godkjend opplæringskontrakt.
  3. Dersom du har ungdomsrett til vidaregåande opplæring, kan du ha rett til foreldrestipend sjølv om du ikkje er teken opp i vidaregåande opplæring, har fått reservert plass eller har søkt om lærlingplass. Det er likevel eit krav at du må ha vore i utdanning og hatt rett til støtte i fire månader rett før fødselen. Du må sjølv dokumentere at du har ungdomsrett.
  4. Du må bu saman med barnet.

Dersom du får barn rett etter grunnskolen, tel grunnskolen med i dei fire månadene du må ha vore i utdanning før fødselen.

Du må søkje før det har gått 12 månader etter fødselen/adopsjonen. Les meir om korleis du søkjer om foreldrestipend.

Behovsprøving

Når du får barn, blir ikkje støtta behovsprøvd mot inntekta til foreldra dine lenger. Det speler dermed inga rolle kor høg inntekt dei har. Dersom du har barn, kan du få bustipend sjølv om du bur heime hos foreldra dine.

Kor mykje foreldrestipend du får, er avhengig av

Eksempel på kor mykje foreldrestipend du kan få

Satsar for undervisningsåret 2018-2019:

Vanleg vidaregåande opplæring

Per månad – eitt barn

Er over 18 år. Ektefelle/sambuar har brutto inntekt på 32 280 kroner eller mindre i månaden 

12 551 kroner

Er under 18 år. Ektefelle/sambuar har brutto inntekt på 32 280 kroner eller mindre i månaden

9 348 kroner

Er over 18 år. Ektefelle/sambuar har brutto inntekt på 32 280 kroner eller meir i månaden 

10 864 – 12 551 kroner

Er under 18 år. Ektefelle/sambuar har brutto inntekt på 32 280 kroner eller meir i månaden

7 661 – 10 864 kroner

Einsleg forsørgjar over 18 år utan overgangsstønad 

12 551 kroner

Einsleg forsørgjar under 18 år utan overgangsstønad 

9 348 kroner

Einsleg forsørgjar over 18 år med overgangsstønad 

3 203 kroner

Einsleg forsørgjar under 18 år med overgangsstønad

0 kroner

Dersom du søkjer om foreldrestipend lenge etter at barnet er fødd, kan du få delar av foreldrestipendet rekna ut etter satsane frå forrige undervisningsår. For Lånekassen begynner undervisningsåret den 16. august kvart år.

Satsar for undervisningsåret 2017-2018:

Vanleg vidaregåande opplæring

Per månad – eitt barn

Er over 18 år. Ektefelle/sambuar har brutto inntekt på under 32 280 kroner i månaden 

12 329 kroner

Er under 18 år. Ektefelle/sambuar har brutto inntekt på under 32 280 kroner i månaden

9 183 kroner

Er over 18 år. Ektefelle/sambuar har brutto inntekt på over 32 280 kroner i månaden 

10 670 – 12 329 kroner

Er under 18 år. Ektefelle/sambuar har brutto inntekt på over 32 280 kroner i månaden

7 524 – 9 183 kroner

Einsleg forsørgjar over 18 år utan overgangsstønad 

12 329 kroner

Einsleg forsørgjar under 18 år utan overgangsstønad 

9 183 kroner

Einsleg forsørgjar over 18 år med overgangsstønad 

3 146 kroner

Einsleg forsørgjar under 18 år med overgangsstønad 

0 kroner

* Utstyrsstipendet kjem i tillegg. Kor stort utstyrsstipend du får, avheng av kva utdanningsprogram du tek. Les meir om utstyrsstipend her.