Så mykje foreldrestipend kan du få

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Foreldrestipendet tilsvarer det maksimale beløpet du kan få som stipend og lån, og er avhengig av om du var fulltids- eller deltidsstudent før fødselen. Det er studiebelastninga i oppteningsperioden som blir lagd til grunn for utrekninga.

Forskjellen frå vanleg stipend og lån er at du i perioden med foreldrestipend får heile summen som stipend. Dersom du har fått utbetalt lån for perioden, blir dette gjort om til stipend når søknaden blir behandla. Foreldrestipendet gir deg altså ikkje meir pengar enn før, men du kan ha rett til forsørgjarstipend i tillegg.

Kor lenge kan du få foreldrestipend?

Du kan få foreldrestipend i inntil 49 veker. I tre veker før fødsel og i 46 veker etter. Får du meir enn eitt barn samtidig, får du fem veker i tillegg til dei 49 vekene for kvart barn meir enn eitt.

I periodar der du mottek foreldrestipend, blir ikkje stipendet behovsprøvt mot di eiga inntekt eller formue.

Kor mykje du får, er avhengig av

  • om du var i fulltids- eller deltidsutdanning i oppteningsperioden
  • person- og kapitalinntekta til ein eventuell ektefelle / sambuar med felles barn

I periodar der du mottek foreldrestipend, blir ikkje stipendet behovsprøvt mot di eiga inntekt eller formue.

Foreldrepengar frå Nav

Får du eingongsstønad frå Nav, vil ikkje det påverke støtta frå Lånekassen.

Eigne foreldrepengar frå Nav påverkar ikkje retten til foreldrestipend, men dersom ektefellen/sambuaren din får foreldrepengar frå Nav, kan det ha noko å seie for foreldrestipendet du kan få frå Lånekassen.