Permisjon frå utdanninga

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
Er du gravid og skal ha permisjon frå utdanninga, kan du ta permisjon tre veker før fødselen. Tek du permisjon tidlegare enn det, må du dokumentere årsaka til det.

Dersom du tek permisjon tidlegare enn tre veker før fødselen, mister du retten til foreldrestipend. Du kan likevel få foreldrestipend dersom du oppfyller vilkåra i eitt av punkta nedanfor:

  • Sjukdom gjer at du må ta permisjon før tre veker før fødselen. Du må sende dokumentasjon frå legen din saman med søknaden.

  • Lærestaden din krev at du skal ta permisjon før tre veker før fødselen fordi:
    - det ikkje er mogeleg for lærestaden å tilby deg å fortsetje utdanninga etter at semesteret har starta når du er tilbake i utdanning, eller
    -utdanninga du tek ikkje i tilfredsstillande grad kan tilretteleggjast for gravide.

    Du må sende dokumentasjon saman med søknaden din som viser at dette var eit krav frå lærestaden.

  • Du tok permisjon ut frå forventa termin, og fødselen skjedde etter termindato. Du må sende inn dokumentasjon som viser forventa termindato saman med søknaden din.

  • Du tek permisjon tidlegare enn tre veker før forventa fødsel fordi du har termin innan to månader etter at utdanninga starta. Denne regelen blir praktisert strengt, to månader og ein dag er for mykje.

    Dersom du har permisjon frå semesterstart og har søkt om foreldrestipend, blir ikkje pengane utbetalte før søknaden om foreldrestipend er behandla. Dette gjeld sjølv om du er innvilga ordinært stipend og lån.

Ikkje krav om permisjon

Det er ikkje eit krav at du må ta permisjon. Du kan få foreldrestipend og vere i utdanning samtidig. Lånekassen krev ikkje at du må bestå eksamen i den perioden du får foreldrestipend.

Du kan ombestemme deg

Dersom du har planlagt å ikkje ta permisjon frå utdanninga, men det viser seg at du har behov for permisjon likevel, kan du ombestemme deg. Du må i så fall sende oss ein kopi av permisjonsbrevet frå lærestaden din.

Dersom du ønskjer det, kan du ta eksamenar utan å miste foreldrestipendet.

Du må ha studieplass

For å kunne få foreldrestipend må du anten vere i utdanning, ha permisjon frå ei utdanning eller ha reservert ein studieplass. Du får ikkje stipendet dersom du avbryt utdanninga di. Les meir her.

Foreldrestipendperiode på 49 veker

Dersom du vel å ta permisjon lenger enn foreldrestipendperioden på 49 veker, får du likevel ikkje støtte for meir enn dei 49 vekene.

Dersom dei 49 vekene du kan få foreldrestipend treffer på sommarferien, får du også foreldrestipend om sommaren.