Ikkje avbryt utdanninga

Undervisningsåret 2018–2019 - Sist oppdatert: 21.03.2018
For å få foreldrestipend må du vere i utdanning, ha permisjon frå ei utdanning eller ha reservert ein studieplass. Du får ikkje stipendet dersom du avbryt utdanninga di.

Du må ha opptak ved ein lærestad for å få foreldrestipend. Dersom du avbryt utdanninga di, eller ikkje har opptak, har du ikkje rett til foreldrestipend.

Det er ikkje eit krav at du må ta ut permisjon. Du kan få foreldrestipend og vere i utdanning samtidig. Vi krev ikkje at du må bestå eksamen i den perioden du får foreldrestipend.

Er du mellom to utdanningar?

Har du fullført eit studium og planlegg å ta eit nytt, må du ha opptak til det nye studiet for å kunne få foreldrestipend. Etter at du har fått opptak, kan du søkje om å få utsetje oppstarten på det nye studiet.