Stabilt låg flytande rente

Publisert 08.01.2021
Flytande rente i Lånekassen frå 1. mars blir 1,401 prosent.

Dagens flytande rente, som gjeld for januar og februar, er på rekordlåge 1,391 prosent. Deretter blir den 1,401 prosent i mars og april.

Fastrentene som gjeld frå 1. mars blir offentleggjort 10. februar.

684 900 av Lånekassens kundar har flytande rente på studielånet, medan 44 400 har fast rente.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.