Enklare for eldre studentar og studentar med barn

Publisert 03.07.2020
For å bidra til livslang læring legg Lånekassen til rette for større fleksibilitet og betre ordningar for vaksne som ønsker å studere.

Auka aldersgrense

Frå hausten 2021 aukar aldersgrensa for kor gammal du kan vere for å få lån og stipend frå Lånekassen frå 45 til 50 år. Studentar over 30 år eller studentar med barn kan få eit tilleggslån slik at det er enklare å ta utdanning om du er meir etablert eller har familie.

Tilleggslån for deg som er 30 år eller eldre

Frå og med det året du fyller 30 år, kan du låne inntil 100 000 kroner i året i tillegg til andre lån og stipend, dersom du tar fagskole, universitets- eller høgskoleutdanning. Tar du vidaregåande opplæring, kan du låne inntil 50 000 kroner i året.
Tilleggslånet er avgrensa til 200 000 kroner til saman over fleire år for utdanning ved fagskole, universitet og høgskole, og 100 000 kroner til saman for vidaregåande opplæring.

Tilleggslån for deg som har barn

Du kan låne inntil 50 000 kroner i året i tillegg til andre lån og stipend om du har barn under 16 år som bur hos deg heilt eller delvis. Dei einaste som ikkje kan få dette lånet er vaksne som tar grunnskole, og elevar under 18 år.

Dette tilleggslånet er avgrensa til 100 000 kroner til saman over fleire år.  

Kan ikkje kombinerast

Studentar som både er over 30 år og har barn kan ikkje få begge låna, kan låne maksbeløpet for dei over 30 år.

Kan ikkje bli stipend

Tilleggslåna kan ikkje bli gjort om til stipend, med unntak av sjukestipend, og du kan ikkje få begge låna.

Les meir om tilleggslån