Organisasjonen

Sist oppdatert: 21.03.2018

Om Lånekassen

  • Lånekassen er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet (KD). Lånekassen blir leidd av eit styre oppnemnt av KD. Styret består av åtte faste medlemmer, der to er elev- og studentrepresentantar og to er representantar for dei tilsette. Styret skal, på vegner av departementet, følgje opp verksemda og kontrollere at Lånekassen utfører oppgåvene sine i samsvar med KD sine styringssignal og retningslinjer.
  • Lånekassen har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø og Ørsta. Ved utgangen av 2017 hadde Lånekassen 325 fast tilsette.
  • Driftsutgiftene i 2017 var på 385,2 millionar kroner. 

Historikk

  • Lånekassen blei etablert i 1947, i forlenginga av ei rekkje velferdsordningar for studentar.
  • Frå siste halvdel av 1950-talet blei det også gitt støtte til elevar i vidaregåande opplæring.
  • Frå slutten av 1950-talet kom ein stor vekst i talet på studentar i høgare utdanning, med to periodar der veksten var særleg sterk: på 1960-talet og frå midten av 1980-talet.
  • I 1980- og 1990-åra blei det utvikla store datasystem for massehandtering av søknader.
  • I 2001 blei det mogleg å søkje om støtte digitalt.
  • I 2003 blei støtta lagt om i samband med kvalitetsreforma i høgare utdanning, og studentane fekk utbetalt lån som kunne bli gjort om til utdanningsstipend basert på beståtte studiepoeng.
  • I 2005 blei det opna for digital signering av gjeldsbrev.
  • Frå 2006 har kundane i Lånekassen kunna lese vedtak og informasjonsbrev i ein sikker digital postkasse på Dine sider på lanekassen.no.
  • Frå 2009 måtte alle som søkte om stipend og lån, gjere det digitalt.
  • Frå 2013 har kundane kunna signere avtalar om støtte digitalt med BankID på Dine sider. 
  • I perioden 2004–2015 gjennomførte Lånekassen fornyingsprogrammet LØFT, der utskifting av IKT-løysinga var det mest omfattande prosjektet. Mål for fornyinga var betre og meir målretta informasjon til kundar og samarbeidspartnarar, auka sjølvbetening og automatisering, og auka effektivisering. Effektane blei kortare behandlingstid, meir automatisert saksbehandling, auka datafangst, nye arbeidsmåtar og system, og digitalisering av kundedialogen.
  • Kundane i Lånekassen er i dag så godt som heildigitale: Elevar og studentar søkjer om støtte digitalt og får vedtaket om støtte i postkassen på Dine sider. Dei aller fleste studentane signerer avtalen om støtte digitalt. Også tilbakebetalarane utfører dei fleste oppgåver sjølv på Dine sider, og ni av ti ønskjer å betale studielånet med avtalegiro eller e-faktura. Talet på telefonsamtalar og oppmøte er vesentleg redusert.
  • Sjå film om Lånekassen.

 Nøkkeltall i 2017

  • Lånekassen hadde ved årsskiftet (31.12.2017) 1 087 500 aktive kundar. 436 100 elevar, studentar og lærlingar søkte om støtte for undervisningsåret 2016–2017.
  • Det kom inn 843 000 søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av lån i 2017.
  • Den delen av søknadene som blir heilmaskinelt behandla, det vil seie utan at dei blir sett på av ein saksbehandlar, held fram med å auke. I 2017 blei 71 prosent av søknadene om støtte og 83 prosent av søknadene om betalingsutsetjing heilmaskinelt behandla, mot høvesvis 67 prosent og 81 prosent året før.
  • Lånekassen delte ut 27,9 milliardar kroner i stipend og lån i 2016–2017, og av dette var 3,7 milliardar kroner stipend og 24,2 milliardar kroner lån. Av det utbetalte lånebeløpet er det venta at ca. 6,3 milliardar kroner vil bli gjort om til utdanningsstipend.
  • Utlånsporteføljen veks som følgje av at både talet på låntakarar og det gjennomsnittlege lånebeløpet har auka. Utlånsporteføljen utgjer i alt 173,8 milliardar kroner.
  • Talet på dei som signerte avtalen om støtte digitalt, var i 2017 på 88 prosent. Dette er ein auke på 9 prosentpoeng frå 2016. Vi må sjå auken i samanheng med at kundane i søknaden ikkje lenger kan velje om dei ønskjer e-signering eller papirsignering. E-signering er standard, men dei som ønskjer det, kan på Dine sider velje å få avtalen tilsendt i posten.
  • Stadig fleire betaler studielånet sitt digitalt. Ved siste forfall i året 2017 (desemberforfallet) var det 9 prosent som ikkje hadde valt digital betalingsform, mot meir enn 12 prosent i 2016.
  • 2017 var det beste «telefonåret» i Lånekassen nokon gong. Vi hadde 331 000 samtalar frå kundar på telefon i 2017, som er det lågaste nokon gong og eit framhald av ein trend vi har sett dei siste åra. I tillegg går svarprosenten opp – i 2017 var den på 68 prosent. 
  • Stadig fleire finn den informasjonen dei treng på lanekassen.no og Dine sider, og det er heilt i tråd med strategien for fronttenestene i Lånekassen; lett å finne, lett å forstå og lett å få til. Hovudkanalen vår, lanekassen.no, hadde nesten 8,2 millionar besøk i 2017, og det var 3,5 millionar innloggingar til sjølvbeteningssidene Dine sider.

 Aktuelt i 2017

  • Lånekassen fylte 70 år i 2017, og det blei markert både internt og eksternt. I desse 70 åra har Lånekassen hatt ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og gjort utdanning mogleg for svært mange menneske, uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsnivå, økonomiske og sosiale forhold.
  • I desember 2016 blei det vedteke å trappe opp frå 10 månader til 11 månader med studiestøtte, og i juni 2017 fekk 170 000 fulltidsstudentar i høgare utdanning og fagskoleutdanning første utbetaling av ei veke ekstra med støtte frå Lånekassen. Opptrappinga til 11 månader med studiestøtte skal skje over fire år. 
  • Med innføringa av nye tenester på Dine sider i 2017, «Melde endringar» og «Kundeoppgåver», har den digitale dialogen med kundane komme eit vesentleg steg vidare. For eksempel kan kundane no direkte på Dine sider melde frå om endringar på ulike område som har innverknad på støtta dei får, framfor å skrive til oss. Det er også blitt enda enklare å utføre oppgåver på Dine sider, som å sende inn dokumentasjon.
  • Lånekassen lanserte i 2017 ei Facebook-side for studentar i Noreg. Lånekassen har hatt Facebook-side for elevar i vidaregåande sidan 2011 og ei for studentar i utlandet sidan 2012. Målet med den nye Facebook-sida er både å nå ut til fleire kundar med målretta informasjon, bruke sida til å rettleie kundane inn til lanekassen.no og Dine sider, og vere  ein  viktig lyttepost for kundane sine behov. 
  • Lånekassen gjennomførte våren 2017 ein stor bukontroll for tredje år på rad. 43 000 studentar som hadde opplyst at dei budde for seg sjølve i 2016, måtte dokumentere dette. Berre studentar som ikkje bur saman med foreldra sine, har rett til å få omgjort lån til utdanningsstipend. 2 300 studentar kunne ikkje dokumentere at dei budde borte i 2016, som er 5,4 prosent av dei kontrollerte. 
  • Misleghald av studielån har minka jamt sidan byrjinga av 2000-talet, og den positive trenden held fram. Aldri har så få studielån gått til inkasso som i 2017, og talet på purringar held fram med å minke: 3,7 prosent av tilbakebetalarane fekk i 2017 studielånet sagt opp og overført til Statens innkrevjingssentral, mot 5 prosent i 2012 og 8 prosent i 2005. Og medan mengda av purringar i 2017 var på under 4 prosent, var det i 2012 og 2005 høvesvis 8 prosent og 14 prosent av kundane som ikkje betalte studielånet sitt tidsnok. Ei av forklaringane på at Lånekassen sine kundar har blitt betre betalarar, er at fleire vel elektronisk varsling i staden for papirfaktura. Dei som betaler rekninga si med avtalegiro eller e-faktura, får færre purringar enn dei som bruker papirfaktura. Aller flinkast til å betale i tide er dei som vel avtalegiro.
  • I innbyggjarundersøkinga i 2017 blei Lånekassen igjen kåra til det styringsorganet brukarane er mest fornøgde med og har mest tillit til. Brukarane er svært fornøgde med dei digitale tenestene og seier det er lett å finne og forstå informasjonen frå Lånekassen og lett å utføre dei oppgåvene dei skal utføre. Innbyggjarundersøkinga er ei av dei største brukarundersøkingane av forvaltninga i Noreg.  
  • 2017 blei elles eit år med fleire utmerkingar for Lånekassen. Lånekassen kom, som ei av to offentlege verksemder, inn på Innovasjonsmagasinet si liste over dei 25 mest innovative verksemdene i 2017. Vidare fekk vi i 2017 også Språkrådet sin temapris for formidling av ein negativ bodskap, og i september fekk administrerande direktør i Lånekassen, Marianne Andreassen,  HR Norges Lederpris 2017.
  • Lånekassen har bidrege i arbeidet med Difi si løysing for e-signering og teke felleskomponenten i bruk i 2017. Det vil seie at kundane i Lånekassen no kan signere avtalar med BankID på mobil.