Studentar svindlar Lånekassen for millionar

Sist oppdatert: 16.01.2013
Lånekassen sin siste bukontroll viser at 4,5 prosent av studentane som blei kontrollerte, juksa til seg stipend ved å oppgi at dei budde borte. Å bli teken for svindel kan ha store konsekvensar.

Når studentane søkjer om støtte frå Lånekassen, oppgir dei om dei bur saman med foreldra eller ikkje.  Det er berre studentar som bur borte frå foreldra, som har rett til å få gjort om lån til stipend etter bestått eksamen.

– Ordninga er basert på tillit. Dei aller fleste studentar er ærlege, men vi veit at det er somme som oppgir at dei er bortebuarar, medan dei faktisk bur saman med foreldra. På denne måten juksar dei til seg stipend dei ikkje har rett til. Dette er misbruk av samfunnet sine velferdsgode, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.

Kan få store konsekvensar for studenten
Kontrollen viste at 45 av dei 1 000 studentane som blei kontrollerte, ikkje kunne dokumentere at dei budde borte i undervisningsåret 2011–2012, slik dei hadde oppgitt. Lånekassen sine reaksjonar på misleghald av opplysningsplikta er strenge.

– Å gi urette opplysningar om bustad er svært alvorleg og kan ha store konsekvensar. Den vanlegaste reaksjonen er at studentane mister retten til støtte, betalingsutsetjing og rentefritak i like mange semester som dei har gitt urette opplysningar. I dei alvorlegaste tilfella kan studentane miste retten til studiestøtte for alltid, noko som kan bety at dei aldri får gjennomført den utdanninga dei hadde planlagt. Grove tilfelle kan bli politimelde, seier Andreassen.

Kan ha blitt svindla for 72 millionar kroner
56 000 av studentane som oppgav at dei budde borte i 2011–2012, studerte så nær foreldreheimen at dei kunne budd heime. I gjennomsnitt fekk bortebuarar 28 500 kroner i stipend sist undervisningsår:

– Dersom 4,5 prosent av desse 56 000 oppgav at dei budde borte for å få stipend, medan dei eigentleg budde heime, betyr det at Lånekassen kan ha blitt svindla for 72 millionar kroner siste studieår, fortel Andreassen.

Det totale talet på studentar som oppgav å bu borte i 2011–2012, var 178 000. Statistisk sett kan 1,4 prosent av dei ha misbrukt utdanningsstipendordninga.

Får inn tips frå ærlege studentar
Lånekassen gjennomfører bukontrollar jamleg, nokre er store, andre er mindre. Den førre store bukontrollen, som blei gjort i 2011, viste at 3,6 prosent av dei kontrollerte juksa til seg stipend.

– Vi får dessutan stadig inn tips frå ærlege studentar som kjenner til nokon som juksar. Vi følgjer opp alle tipsa, seier Andreassen.

Fakta:

  • 1 000 studentar frå 13 lærestader over heile landet, både offentlege og private, blei våren 2012 bedne om å dokumentere at dei budde borte, slik dei hadde oppgitt til Lånekassen. Dei blei bedne om å sende inn kopi av leigekontrakt eller ei stadfesting på at dei eig bustaden dei bur i. 45 av dei kontrollerte studentane kunne ikkje dokumentere at dei var bortebuarar i undervisningsåret 2011–2012.
  • 56 000 av studentane som oppgav at dei budde borte i 2011–2012, studerte så nær foreldreheimen at dei kunne budd heime. Dersom 4,5 prosent av 56 000 studentar (2 520 studentar) gav Lånekassen urette opplysningar for å få stipend, betyr det at Lånekassen kan ha blitt svindla for 72 millionar kroner i 2011–2012. Reknestykket tek utgangspunkt i det gjennomsnittlege utdanningsstipendet i 2011–2012 (28 500 kroner).
  • 192 000 studentar fekk støtte frå Lånekassen til utdanning i Noreg i 2011–2012. Dette inkluderer også elevar ved folkehøgskolar, fagskolar, vaksenopplæring osv.178 000 av dei oppgav at dei budde borte i undervisningsåret, 14 000 opplyste at dei budde heime.
  • All støtta til studentar i Noreg blir utbetalt som lån. Bortebuarar får inntil 40 prosent gjort om til utdanningsstipend etter bestått eksamen. Heimebuarar har ikkje rett til utdanningsstipend. Dei får like mykje pengar, men alt blir ståande som lån. I inneverande undervisningsår får fulltidsstudentar 92 500 kroner i basisstøtte. Fullt utdanningsstipend er 37 000 kroner.
  • Lånekassen delte ut meir enn 21,5 milliardar kroner til elevar og studentar i Noreg og utlandet i undervisningsåret 2011–2012.