Stadig færre studielån til inkasso

Sist oppdatert: 08.02.2017
Kundane i Lånekassen er jamt over gode tilbakebetalarar, men tala har aldri vore så gode som no: Færre får purringar, og stadig færre studielån går til inkasso.

Misleghaldet av studielån har minka jamt sidan byrjinga av 2000-talet, og den positive utviklinga held fram. Ferske tal frå Lånekassen viser at 26 100 kundar fekk studielånet sagt opp og overført til Statens innkrevjingssentral (fire prosent av alle studielån) i 2016, mot 28 100 i 2013 (fem prosent) og 37 300 i 2005 (åtte prosent).

Lettare å betale i tide

– Det er svært gledeleg å sjå at stadig færre kundar har problem med å betene studielånet sitt. Aldri har så få fått purringar som i 2016, og vi ser ein soleklar nedgang i inkasso. Utviklinga har vore positiv i fleire år, og trenden har blitt enda tydelegare etter at vi fekk nye ordningar for tilbakebetaling sommaren 2014, seier Marianne Andreassen, administrerande direktør i Lånekassen.

Månadleg betaling, avtalegiro, fleksibel forfallsdato og forseinkingsrenter var dei viktigaste endringane. Ordningane skulle mellom anna gjere det lettare å betale rekninga si i tide, og dyrare å betale for seint.

Færre purringar med avtalegiro

Purretala går i same positive retning som inkassotala: Medan mengda av purringar i 2016 var på knappe fire prosent, var det i 2013 og 2005 høvesvis sju prosent og 14 prosent av kundane som ikkje betalte rekninga si frå Lånekassen i tide.

Ei av forklaringane på at kundane i Lånekassen er blitt enda betre betalarar, er at fleire vel elektronisk varsling – avtalegiro eller e-faktura – i staden for papirfaktura. I 2010 valde 54 prosent av tilbakebetalarane i Lånekassen elektronisk varsling, mot 87 prosent ved inngangen til 2017.

– Vi ser at dei som betaler rekninga si med avtalegiro eller e-faktura, får færre purringar enn dei som bruker papirfaktura. Aller flinkast til å betale i tide er dei som vel avtalegiro. Vi har no over 650 000 tilbakebetalarar, og meir enn ein kvart million av desse har avtalegiro, seier Andreassen.