Stabilt lav fast rente på studielån

Sist oppdatert: 21.10.2010
Den faste renta på studielånet held seg uendra. Frå 1.-12. oktober kan kundane i Lånekassen anten inngå nye eller avslutte gamle fastrenteavtalar.

Fastrentesatsane i Lånekassen vil også etter den 1. november vere 3,357 prosent for tre år, 3,650 prosent for fem år og 4,232 prosent for ti års bindingstid.

Den flytande renta vil vere på 3,260 prosent fram til 1. januar 2011.

Kan avslutte fastrenteavtalar

Nærmare 450 000 av Lånekassen sine kundar har flytande rente, medan 80 000 har fast rente.

– I søkjeperioden for å inngå fastrenteavtalar vil ein også få høve til å avslutte tidlegare inngåtte fastrenteavtalar, opplyser Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen.

Etter å ha avslutta ein avtale må kunden vente i to månader med å få ein ny fastrenteavtale, men han kan søkje om ein ny fastrenteavtale i karensperioden.

Kunde tapte 35 000 kroner

I forrige søkjeperiode i august valde 527 av fastrentekundane i Lånekassen å gå over til flytande rente. Ved rentetap blir rentene lagde til lånet.

– Det største rentetapet hadde ein kunde som tapte meir enn 35 000 kroner på å avslutte fastrenteavtalen sin. Men det blir samtidig eit lågare terminbeløp å betale, og rentene er omfatta av dei gunstige tilbakebetalingsreglane i Lånekassen, presiserer Mjærum.

Om lag 80 prosent av dei som avslutta fastrenteavtalane sine, måtte ut med mindre enn
8 000 kroner for å kompensere for rentetapet. I gjennomsnitt hadde dei som gjekk over til flytande rente, ei gjeld på 212 000 kroner, og dei betalte i snitt 6 000 kroner kvar.

Nye rentesatsar annankvar månad

Både den flytande og den faste renta på studielånet blir no fastsett seks gonger i året.

Kundane i Lånekassen kan søkje om fast rente eller avslutte tidlegare fastrenteavtalar på Dine sider på lanekassen.no. Les meir om korleis renta blir fastsett.