Stabilt låge fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 10.08.2017
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. september vere 2,227 prosent for tre års bindingstid, 2,472 prosent for fem år og 3,047 prosent for ti år.

Den flytande renta på studielånet vil vere på 2,188 prosent frå 1. september.

– Tre års fastrente forblir uendra. Fem- og tiårsrenta fell marginalt med høvesvis 0,019 prosentpoeng og 0,010 prosentpoeng, fortel Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Kan binde mellom 10. og 17. august

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. september, kan gjere det i perioden 10.–17. august. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no. Dei som avslutta utdanninga i vår, kan også søkje om fastrente no.

577 900 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 66 900 har fastrente. Men ikkje alle med flytande rente kan binde renta:

– Kundar som har igjen mindre enn tre års nedbetalingstid, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta, påpeikar Herstad.

Marknadsstyrt rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fastrente, får automatisk flytande rente.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Rentene blir i dag fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.

Les meir om fastsetjinga av renta i Lånekassen.