Stabilt låge fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 13.07.2017
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1. juli vere 2,227 prosent for tre års bindingstid, 2,491 prosent for fem år og 3,057 prosent for ti år.

Tre års fastrente fell no med 0,039 prosentpoeng, medan femårsrenta fell marginalt med 0,02 prosentpoeng.

– Ti års fastrente forblir uendra. Det same gjer den flytande renta, som framleis vil vere på 2,208 prosent frå 1. juli, fortel Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Kan binde mellom 10. juni og 17. juni

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. juli, kan gjere det i perioden 10.–17. juni. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no.

573 260 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 73 500 har fast rente. Men ikkje alle med flytande rente kan få binde renta:

– Kundar som har igjen mindre enn tre års nedbetalingstid, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sidan, kan ikkje binde renta, påpeikar Herstad.

Marknadsstyrt rente

Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, får automatisk flytande rente.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Rentene blir i dag fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.