Stabilt låg studielånsrente

Sist oppdatert: 31.10.2014
Den flytande renta i Lånekassen vil frå 1. januar vere på 2,276 prosent. Men dersom Stortinget vedtek å auke rentepåslaget med 0,25 prosentpoeng frå 1. januar, slik regjeringa har foreslått, vil satsen bli justert.

Flytande rente som gjeld for november og desember, er på rekordlåge 2,178 prosent. Ny rente på 2,276 prosent vil seie ein auke på knappe 0,1 prosentpoeng.

– Dette er første gong sidan juli 2013 at den flytande renta stig. Den har anten blitt lågare eller vore uendra ved kvar rentefastsetjing sidan då, seier Hanne Bjertnes, seniorrådgivar i Lånekassen.

Fastrentene som gjeld frå 1. januar, blir offentleggjorde i månadsskiftet november–desember.

Regjeringa vil auke rentepåslaget

I forslaget til statsbudsjett, som blei lagt fram 8. oktober, foreslår regjeringa å auke rentepåslaget i Lånekassen med 0,25 prosentpoeng frå 1. januar. Dersom forslaget blir vedteke, vil det seie at alle som har flytande rente på studielånet sitt, og dei som bind renta etter at forslaget til statsbudsjett blei lagt fram, får 1,25 prosent i rentepåslag frå 1. januar i staden for 1 prosent, slik det er i dag. Kundar som har ein fastrenteavtale frå før forslaget til statsbudsjett blei lagt fram, vil ikkje få ein eventuell auke i rentepåslaget før fastrenteavtalen deira går ut. Det endelege statsbudsjettet blir vedteke av Stortinget i desember.

Marknadsstyrt

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finansdepartementet.

– Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente, seier Bjertnes.

427 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 144 600 har fast rente.

Følg renteutviklinga og les meir om fastsetjing av renta i Lånekassen