Stabile fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 21.04.2017
Fastrentene i Lånekassen vil frå 1.mai vere 2,266 prosent for tre års bindingstid, 2,511 prosent for fem år og 3,057 prosent for ti år.

Den flytande renta på studielånet vil vere på 2,208 prosent frå 1. mai.

– Fem- og tiårsrenta er uendra samanlikna med dagens nivå, mens treårsrenta aukar marginalt, fortel Christin Dammen, kommunikasjonsrådgivar i Lånekassen.

Kan binde mellom 10. og 17. april

Kundar som ønskjer å binde renta frå 1. mai, kan gjere det i perioden 10.-17. april. Alle som skal søkje om fastrente, gjer det på lanekassen.no.

578 200 av Lånekassens tilbakebetalarar har flytande rente på studielånet sitt, mens 74 600 har fast rente. Men ikkje alle med flytande rente kan få binde:

– Kundar som har att mindre enn tre års nedbetalingstid, som får støtte til utdanning, eller som har avbrote ein tidlegare fastrenteavtale for mindre enn to månader sida, kan ikkje binde renta, påpeikar Dammen.

Marknadsstyrd rente

Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Kundar som ikkje aktivt søkjer om fast rente, får automatisk flytande rente.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på berekningar frå Finanstilsynet. Rentene blir i dag fastsette på grunnlag av eit gjennomsnitt av dei fem beste tilboda om bustadlån i marknaden, minus eit frådrag på 0,15 prosentpoeng.