Stabile fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 01.06.2015
Frå 1. juli vil fastrentene på studielånet vere 2,129 prosent for tre år, 2,423 prosent for fem år og 2,911 prosent for ti års bindingstid.

Medan tre års fastrente står stabilt på 2,129 prosentpoeng, aukar både fem og ti års fastrente med 0,2 prosentpoeng.

– Treårsrenta vil framleis vere lågare enn den flytande studielånsrenta på 2,227 prosent, som gjeld for den same perioden, påpeikar Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør Lånekassen.

Kan binde mellom 1. juni og 12. juni

Kundar som ønskjer å binde renta, må søkje om fast rente på lanekassen.no i perioden 1.–12. juni.

– Alle som skal søkje om fastrente, må gjere det på lanekassen.no, seier Herstad. Fastrentesatsane gjeld frå 1. juli.

451 300 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 154 100 har fast rente.

Marknadsstyrt

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finansdepartementet. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.