Stabile fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 01.10.2014
Frå 1. november vil fastrentene på studielånet vere 2,570 prosent for tre år, 2,765 prosent for fem år og 3,348 prosent for ti års bindingstid.

Medan tre års fastrente aukar med 0,196 prosentpoeng og fem års fastrente aukar med 0,098 prosentpoeng, går ti års fastrente ned med 0,097 prosentpoeng.

– Alle fastrentesatsane vil framleis vere høgare enn den rekordlåge flytande studielånsrenta på 2,178 prosent, som gjeld for den same perioden, seier Hanne Bjertnes, kommunikasjonsrådgivar i Lånekassen.

Bindingsperiode 1.–12. oktober

Kunder som ønskjer å binde renta, må søkje om fast rente på lanekassen.no i perioden 1.–12. oktober. Kundene kan mellom annet logge inn med BankID.

411 300 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, medan 166 100 kundar har fast rente.

Nye betalarar

Kundar som blei ferdige med utdanninga i vår, får betalingsplan i november og første rekninga i februar 2015. Nye tilbakebetalarar som ønskjer å starte betalinga tidlegare enn februar, kan ta kontakt med Lånekassen for å få betalingsplanen.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finansdepartementet. Både fast og flytande rente blir fastsett seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.