Stabile fastrenter i Lånekassen

Sist oppdatert: 01.04.2014
Frå 1. mai vil fastrentesatsane på studielånet vere på 2,771 prosent for tre år, 3,162 prosent for fem år og 3,844 prosent for ti års bindingstid.

Medan treårig fastrente stig med knappe 0,1 prosentpoeng, går tiårsrenta tilsvarande ned. Femårig fastrente held seg på 3,162 prosent. Flytande studielånsrente er på 2,477 prosent ut juni.

– Fastrentene har endra seg lite etter at dei gjekk ned i byrjinga  av året, og dei held seg stabile ut juni, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Bindingsperiode: 1.–12. april  

Kundar som ønskjer å binde renta, kan gjere det i perioden 1.–12. april.

Alle som skal søkje om fastrente, må gjere det på Dine sider på lanekassen.no. Dei kan blant anna logge inn med BankID.

Sju av ti har flytande rente

173 000 av tilbakebetalarane i Lånekassen har fast rente på studielånet sitt, mens 415 700 har flytande rente.

Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og basert på utrekningar frå Finansdepartementet. Både fast og flytande rente blir fastsette seks gonger i året. Dei som ikkje aktivt søkjer om fast rente, vil automatisk ha flytande rente.

Les meir om rentesatsar og fastsetjinga av renta på studielån