Flytande rente framleis lågare enn fastrentene

Sist oppdatert: 01.08.2014
Frå 1. september vil fastrentene på studielånet være 2,374 prosent for tre år, 2,667 prosent for fem år og 3,445 prosent for ti års bindingstid.

Mens treårig fastrente går ned med 0,293 prosentpoeng, går fem års fastrenta ned med 0,390 og ti års fastrenta ned med 0,290 prosentpoeng. Flytande studielånsrente for perioden er på 2,276 prosent.

- Fastrentene går ned frå 1. september, men vil ligge høgare enn den rekordlåge flytande renta på 2,276, seier Anne-Berit Herstad, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Sju av ti har flytande rente

Kundar som ønskjer å binde renta, kan søkje på lanekassen.no i tida 1.–12. august. Kundane kan blant anna logge inn med BankID.

430 400 av tilbakebetalarane i Lånekassen har flytande rente på studielånet sitt, mens 167 200 har fast rente.

Nye betalarar

Kundar som blei ferdig med utdanninga i vår, får betalingsplan i november og første rekning i februar 2015. Desse kundane har også moglegheit til å søkje om fastrente nå. Nye tilbakebetalarar som ønskjer å starte betalinga tidlegere enn februar, kan ta kontakt med Lånekassen for å få betalingsplanen.

Les meir om rentesatsar og fastsetjing av renta i Lånekassen

Sjå filmen om enklere nedbetaling.