Søkte om lån og stipend tidlig – vant pensum

Sist oppdatert: 21.10.2010
– Så flott, no vart eg gledeleg overraska! Flott å sjå at det lønner seg å vere tidleg ute, seier Torill Merete Klemetsen. Ho er ein av dei ti vinnarane som vann gåvekort til pensumlitteratur til den nette sum av 3 000 kroner i Lånekassen sin konkurranse.

–  Eg er veldig glad – og overraska over at eg kunne vinne! Pengane kjem godt med, for eg lurte litt på korleis eg skulle få råd til pensumbøkene, seier ein annan av dei nøgde vinnarane, Karen A. Cerda Rosenstock.

Lånekassen oppmodar alle som har fått opptak til  ei utdanning  om å søkje om stipend og lån så tidleg på som mogleg. Alle som søkte om støtte før 15. juni, var automatisk med i trekninga av pensumlitteratur for 3 000 kroner kvar.

Heilt greitt å logge på søknaden med MinID

Nytt i år er at elevar og studentar må logge seg inn på nettsøknaden med MinID for å søkje om stipend og lån. Dette har ikkje vore noko problem for dei ti vinnarane  av konkurransen.

– Å logge inn med MinID gjekk heilt greitt. Eg fekk kodane i posten i fjor, og la inn passordet og kodane slik at eg hadde alt klart til eg skulle søkje Lånekassen, fortel ein annan vinnar, Asbjørn Tjelmeland.

– Å bruke MinID går veldig greitt. Du har alle kodane på arket du har fått, og dei treng du for eksempel til sjølvmeldinga og sånne ting.  Det fungerer kjempebra, og det er ikkje  meir tungvint. Eg søkte tidleg fordi det er kjempegreitt å få det unna med ein gong, og så får eg pengane tidlegare i tillegg.  Eg liker å ha det ryddig, og brukar alltid å søkje tidleg, forklarer Karen Hansen Brandvold, som også vann pensum for 3 000 kroner.

Lånekassen gratulerer vinnarane av Søk tidleg- konkurransen:

  • Karen A. Cerda Rosenstock, Universitetet i Bergen
  • Kine Gulhaugen, Høgskolen i Telemark
  • Jan-Ove Krokå, lærling
  • Christopher A. Brestrup, BI Handelshøgskolen i Oslo
  • Lars Erik Dæhli, Politihøgskolen
  • Asbjørn S. Tjelmeland, BI Handelshøgskolen i Oslo
  • Torill Merete Klemetsen, Høgskolen i Akershus
  • Eline Hjellen, Høgskulen i Volda
  • Karen Hansen Brandvold, Høgskolen i Sør Trøndelag
  • Maymuna Sey, Universitetet for miljø- og biovitenskap