Siste frist for å søkje om stipend og lån for hausten er 15. november

Sist oppdatert: 12.11.2013
Alle som skal søkje om stipend og lån frå Lånekassen for hausten 2013, må søkje innan 15. november. Dette gjeld både for elevar i vidaregåande og studentar i all anna utdanning.

Elevar med rett til vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, men dei må sjølve søkje for å få pengane.

Uavhengig av foreldreinntekt

Utstyrsstipendet er på mellom 930 kroner og 2 970 kroner for heile skoleåret, avhengig av utdanningsprogram.

– Stipendet er uavhengig av kor mykje foreldra tener. Pengane skal dekkje nødvendig utstyr som elevane treng i opplæringa, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, Anne-Berit Herstad.

Lånekassen sjekkar automatisk om dei som søkjer om utstyrsstipend, også har rett til andre stipend.

Meld frå om endringar før fristen

15. november er også fristen for å melde frå om endringar, som for eksempel at ein har flytt på hybel i løpet av hausten.

Studentar i høgare utdanning kan få 94 400 kroner som stipend og lån for dette undervisningsåret. Bortebuarar får 37 760 kroner av pengane gjorde om til stipend etter bestått eksamen, så framt  dei ikkje har hatt inntekt eller formue over beløpsgrensene.