Siste frist for å søkje om stipend og lån for hausten er 15. november

Sist oppdatert: 12.11.2012
Alle som skal søkje om stipend og lån frå Lånekassen for hausten 2012, må søkje innan 15. november. Dette gjeld for elevar både i vidaregåande og studentar i all anna utdanning.

Elevar med rett til vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, men dei må sjølve søkje for å få pengane.

Uavhengig av foreldreinntekt

Utstyrsstipendet  er på mellom 910 kroner og 2 910 kroner for heile skoleåret, avhengig av utdanningsprogram.

–Stipendet er uavhengig av  kor mykje foreldra tener. Pengane skal dekkje nødvendig utstyr som elevane treng i opplæringa, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, Anne-Berit Herstad. Lånekassen sjekkar automatisk om dei som søkjer om utstyrsstipend, også har rett til andre stipend.

Meld frå om endringar

15. november er også fristen for å melde frå om endringar, som for eksempel at ein har flytt på hybel i løpet av hausten.

Studentar i høgare utdanning kan få 92 500 kroner  som stipend og lån for dette undervisningsåret. Bortebuarar får 37 000 kroner av pengane gjorde om til stipend etter bestått eksamen.