Siste frist for å søkje om stipend og lån er 15. november

Sist oppdatert: 10.11.2010
Alle som skal søkje om stipend eller lån for hausten 2010, må søkje innan 15. november. Dette gjeld for både elevar i vidaregåande og studentar i all anna utdanning.

Nesten alle i vidaregåande kan få stipend

Alle med rett til vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, men dei må sjølve søkje for å få det. Beløpet ligg mellom 870 kroner og 2800 kroner for heile skoleåret, avhengig av kva utdanningsprogram eleven går på.

Det viste seg i fjor at ein del elevar gjekk glipp av utstyrsstipendet fordi dei ikkje søkte innan fristen.

Kvifor dei ikkje søkte, har ikkje Lånekassen noko svar på.

- Det er fleire som har søkt i år enn i fjor, men likevel er det nok somme som ikkje har brukt sjansen, seier Astrid Bugge Mjærum, informasjonsdirektør i Lånekassen.

- Somme meiner nok at beløpet er lite og tek ikkje bryet med å søkje. I alle fall er det god timebetaling å fylle ut ein søknad til Lånekassen. Pengane dekkjer til vanleg minst det elevane må betale i PC-leige til skolen, seier Mjærum.

Dei som søkjer, får automatisk sjekka om dei kan ha rett til andre stipend frå Lånekassen, for eksempel behovsprøvd stipend som blir gitt ut frå foreldra si inntekt og formue.

35 600 kroner i året rett i lomma ved bestått eksamen for studentar i høgare utdanning

For studentar i høgare utdanning er stipendet no på 35 600 kroner. Dette får alle bortebuarar rett i lomma når eksamen er bestått. Totalt kan studentar i høgare utdanning få 89 000 kroner i stipend og lån dette studieåret.

Alle må søkje med MInID

Søknaden ligg på Lånekassen sine nettsider, og eleven treng MinID for å logge inn. Dei som har gløymt passordet til MinID, rekk enno å bestille nye kodar, slik at dei får søkt.
Fristen 15. november gjeld også for å melde frå om endringar, som for eksempel at elevar og studentar har flytta på hybel i løpet av hausten.