Siste frist for å søkje om stipend og lån er 15. mars

Sist oppdatert: 12.03.2013
Alle som skal søkje om stipend og lån frå Lånekassen for vårsemesteret 2013, må søkje innan 15. mars. Dette gjeld både for elevar i vidaregåande skole og studentar i all anna utdanning.

– Søkjer du etter fristen, går du glipp av støtte for vårsemesteret. Studentar som har søkt om støtte for heile året, treng ikkje å søkje på ny, seier kommunikasjonsdirektør i Lånekassen, Anne-Berit Herstad.

Meld frå om endringar

15. mars er også siste frist for elevar og studentar å melde frå om endringar som kan føre til at dei får meir eller mindre pengar frå Lånekassen, som for eksempel flytting, avbrott i utdanninga eller stryk til eksamen.

– Studentar som budde heime då dei søkte om lån, men som no har flytta, må melde frå til Lånekassen seinast 15. mars for å ha rett til omgjering til stipend, fortel Herstad.

Studentar i høgare utdanning kan i vårsemesteret få 46 250 kroner i stipend og lån. Støtta blir i første omgang gitt som lån, men dei som bur borte frå foreldra, får inntil 40 prosent av beløpet gjort om til stipend etter bestått eksamen.

Kan søkje om utstyrsstipend

Elevar i vidaregåande skole som enno ikkje har søkt om utstyrsstipend, kan gjere dette innan fristen. Utstyrsstipendet er eit eingongsbeløp på mellom 910 kroner og 2 910 kroner, avhengig av utdanningsprogram. Lånekassen sjekkar automatisk om elevar som søkjer om utstyrsstipend, også har rett til andre stipend.