Rekordmange studerer i utlandet

Sist oppdatert: 28.08.2012
Aldri før har så mange nordmenn reist utanlands for å studere. 23 442 studentar valde å studere i utlandet i undervisningsåret 2011–2012, ein auke på sju prosent frå året før.

– Medan det var ein nedgang på midten av 2000-talet, har talet på norske studentar i utlandet hatt ein stabil vekst dei siste åra, seier Chris A. Eidsaunet, regiondirektør ved utlandskontoret i Lånekassen.

15 328 studentar valde å ta heile utdanninga si i utlandet forrige studieår, 8 prosent fleire enn året før. 8 114 tok ein del av utdanninga si utanfor Noreg, ein vekst på 6 prosent.

Men andelen av den totale norske studentmassen som studerer i utlandet, held seg stabil. 13,7 prosent av alle som i fjor fekk støtte frå Lånekassen til høgare utdanning, studerte i utlandet, ein liten auke frå året før, då andelen var på 13,2 prosent.

Storbritannia mest populært

Tal for forrige studieår viser at Storbritannia held stand som landet flest reiser til, 4 688 norske studentar valde i fjor å ta heile eller ein del av utdanninga si her. Danmark følgjer som før på andreplass, medan også USA og Australia er populære studieland.

Økonomi og administrasjon er det mest attraktive fagområdet for norske studentar i utlandet, følgt av medisin.

– Dei fleste medisinstudentane er i Polen, Ungarn, Slovakia og Tsjekkia, fortel Eidsaunet.

Dei fleste tek bachelor

Dei fleste som reiser til utlandet i studietida, studerer på bachelornivå. Medan 14 181 tok bachelor i utlandet i fjor, var det 9 079 på mastergradsnivå.

Talet på elevar i vidaregåande skole som tek eit utvekslingsår, held fram med å auke. I 2011–2012 tok 2 075 norske vidaregåandeelevar eit skoleår i utlandet.