Rekordmange norske studentar i utlandet

Sist oppdatert: 30.08.2013
Aldri før har så mange nordmenn reist utanlands for å studere. Heile 24 376 studentar valde utlandet i undervisningsåret 2012–2013, ein auke på nærmare fire prosent frå året før.

– Dei siste åra har talet på norske studentar i utlandet auka kvart einaste år, seier Chris A. Eidsaunet, regiondirektør ved utlandskontoret i Lånekassen.

16 260 norske studentar tok heile utdanninga si i utlandet førre undervisningsår, noko som tilsvarer ein auke på seks prosent. Men andelen studentar som valde å ta delar av utdanninga si utanfor Noreg, har nærmast stått på staden kvil. 8 116 delstudentar i 2012–2013 er to fleire studentar enn året før.

Storbritannia mest populært

Andelen av den totale norske studentmassen som studerer i utlandet, held seg også stabil.13,8 prosent av alle som fekk støtte frå Lånekassen til høgare utdanning førre undervisningsår, reiste utanlands, året før gjorde 13,7 prosent det same.

– Heile 5 224 studentar valde i fjor å ta heile eller ein del av utdanninga si i Storbritannia. USA følgjer på andreplass, men også Danmark, Australia og Polen er populære studieland, fortel Eidsaunet.

Økonomi og administrasjon er det mest attraktive fagområdet for norske studentar i utlandet, følgt av medisin og samfunnsfag.

Flest på bachelornivå

Dei fleste som reiser til utlandet i studietida med støtte frå Lånekassen, studerer på bachelornivå. Medan 14 765 studerte på bachelornivå, var det 9 426 studentar på mastergradsnivå i 2012–2013.

Talet på elevar i vidaregåande skole som reiser på utveksling, held fram å auke. I 2012-2013 tok 2 352 norske elevar eit år av vidaregåande skole i utlandet, ein auke på 13,3 prosent.